- Project Runeberg -  Forteljingar /
136

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

136 VETLE VISLIE

Sigri smilte blid imot framandkaren; men daa
han gav seg til aa einglo paa henne, vart ho raud og
gløymde aa bjoda dei velkomne aat sætri.

Fraa den stundi fekk ikkje Storevik augo sine
fraa henne. Ho raudna alt i eit og saag ei onnor
lei; men so fann han paa eitkvart løglegt, elder
gjorde noko som var so reint rivande gale, at ho laut
læ, og samstundes saag ho so varmt og trufast paa
honom.

Asbjørn freista og aa vera morosam: han baud
god kveld til kyrne, naar dei kom heim paa vollen;
han fortalde nytt fraa bygdi og dikta upp sogor; men
han fekk det ikkje so godt til som Storevik. Nei,
Storevik var ein rein meister til aa finna paa
moro . . . han kunde fortelja rispor ho aldri hadde
høyrt fyrr, og han kunde kvea skjemtefulle visor
heile dagen, utan aa verta trøytt. Dei rødde meir og
meir med kvarandre, Storevik og Sigri, so Asbjørn
til slut vart reint i ulag og gjekk inn til gamla og freista
spraata med henne. Men ho berre grov og spurde
etter framandkaren, og var so lite trøysam, at han
snart maatte ut paa særtervollen att. Men det var
plent som ho Sigri helst vilde verta av med honom:

— Aa du, Asbjørn, sa ho, vil du gaa til Heim-
dalssætri og faa laana oteren, so skal me ned paa
vatne og fiska i kveld.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free