- Project Runeberg -  Forteljingar /
137

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 137

Asbjørn gjekk helder uglad ifraa dei. Han gav
seg god tid, og daa han kom att, var soli gjengi ned.
Det bles ein frisk vind, fisken beit godt, og dei heldt
paa og fiska til det leid langt paa natti. Asbjørn
rodde, Storevik heldt i snori, og Sigri sat mest og
saag paa.

Paa heimvegen gjekk Storevik so nær henne
som han kunde, tok henne ikkje i handi, men gjorde
elles alt for aa trylla henne. Asbjørn var fyrstundes
helder tagall, men seinare vann han yver seg sjølv
og slo seg med godt mod, saag det ut til. Stundom
var han so hag til aa finna paa moro, at jamvel

Sigri laut læ.

IL

Det var kvelden fyrr dei skulda reisa heimetter
att, at Asbjørn var gjengen til Heimdals-sætri eit
erend. Den gamle kona sat ute paa vollen, og Sto-
revik og Sigri var aaleine inne i sele. Han hadde
vore noko tagall heile dagen og slett ikkje so moro-
sam som fyrr. Ho hadde set paa honom og
undra seg, — ho kunde ikkje vita, at Nils Storevik
hadde fritt tie gonger fyrr og fenge nei, og no gjekk
og gruva seg for at han skulde verta synt vetrevegen

den ellevte og.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free