- Project Runeberg -  Martin Luther /
31

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 31 -

Hutten vart teken av Luthers frihug. Han fær
tru til aa blaasa i luren yver heile Tyskland: tidi
er inne! leve fridomen! Religiøs interessa hadde
han lite av; han hadde difor til dessar set paa
Lutherstriden med likesæla: for hans part maatte
gjerne teologane eta upp kvarandre. Men i Leipzig
fekk han ei onnor syn paa Luther. Og dei tvo
lærer mykje av einannan i aari etterpaa. Hutten
fær meir sans for den religiøse grunnen i
reformasjonen. Luther fær meir syn for dei nasjonale
interessor, og me gaar til at han vert meir
sjølv-byrg og stor i ordi. »Me straffar tjuvar med galge,
røvarar med sverd, kjættarar med baal; kvifor i all
verdi brukar me ikkje vaapni paa desse
tynings-meistrane, kardinalane og pavane, og heile skreidi
fraa det romerske Sodoma? kvifor tvær me ikkje
hendene vaare i deira blod?" «For meg er
ter-ningane kasta: eg er like sæl um Roms vreide og
Roms naade; eg vil ikkje i all æva ha noko forlik
eller noko samlag med Rom. Dømer og brenner
dei mine skrifter, so vil eg gjeva likt for like, berre
eg kann faa kveikt eld stor nok til aa brenna heile
pave-retten."

Hutten lærer av Luther aa bruka morsmaalet.
Og dei kappast no baae um aa tolka det
som brann i det tyske folk. Luther stend desse
aari paa si høgd: det ser ut som det aldri tryt med
geniale tankar og løysande ord. Han vil reisa
folket til strid for evangeliet og fridomen.
Nationalhelt er han no eit bil, .den største mannen i tidi.

Medan paven skriv bann-bulla mot Luther, skriv
Luther bannbullur mot paven, den eine heitare enn
den andre: l) Um gode verk, ei preik som slær
fast synspunkten for ein evangelisk etikk; det spørst
ikkje um kva slags yrke ein hev; det spørst um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free