- Project Runeberg -  Barndomsminne /
70

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg minnest ikkje mange av skulekammeratane
mine frå Hamar. Berre ei hev eg råka att i eldre
år, den fyrr nemnde, yvi heile Upplande kjende
fotografen Ragnhilda Eriksen. I 1932 møttest
me på Hamar, og hadde då båe fyllt 70 år. I
mange år sat Ragnhilda Eriksen i Hamar bystyre
og hev elles vore med i mange slag socialt arbeid
i fødebyen sin, der ho enno bur.

Det vart eit forvitnelegt møte. Ho mintest
mangt som eg hadde gløymt, og me var samde
um å lovprise vår gamle lærar, Kristian
Gløersen.

Endå ho sjølv er fødd og uppvaksi i ein av dei
mest pietistiske heimane på Hamar, forsvara ho
Gløersen mot alle åtak frå pietistane1, som kalla
han fritenkjar. Det hev ho ogso gjort offentleg.
I ein liten artikkel i "De døves blad" prenta ho
m. a. av den songen han skreiv til elevane sine,
då skulen slutta, og meinte den synte, at han var
god nok kristen. I desse små "minni" sine, segjer
ho, at pietistane kalla seg "vennerne". Det skulde
tyde på at dei var haugianarar, men det namne
høyrde eg aldri på Hamar, det eg minnest. Eg

1 Den "Caspari-Johnsonske pietisme". Merkeleg nok var det
ikkje det nasjonal-romantiske Sagatun som fyrst slo til ljod for
målsaki. Ole Arvesen skriv i Hamar Budstikke: "—Målsagen og
det fullt berettigede krav til et bedre bekjendtskab med
fedrelandets historie, som lige til de sidste aar har været altfor tyndt
representeret her, vil i seminarbestyrer Hertzberg få en ligeså dygtig
som varm talsmand."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free