- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
114

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

114

ande og ottefullt og ikkje torer segja nokon ting. Det er
det verste av alt som kann henda. Det er ei pedagogisk
sanning ein aldri må gløyma : so mykje som råd er, må
barnet få vera i fred. Og aldri må ein gripa inn i barnet
sitt liv på ein slik måte at det vert forknytt og at det
misser sin naturlege aktivitet strong og tiltakshug. Det må
ikkje henda i målførings*upplæringa heller. Mykje betre
er det at barnet talar gale enn at det ikkje vågar seg til
å tala. Oftast er det best at ein roleg segjer orda soleis
som dei burde ha vore sagde, dersom ein vil retta på
barnet sin tale. Kanskje bed ein det so taka orda uppatt.
Men det bør ikkje verta gjort alt i eitt. — Å taka til å
visa barnet kva grammatikalsk eller logisk feil det har gjort,
det er nyttelaust i dei fleste tilfelle i denne tid. Målføring
lærer det umlag berre gjenom øyra endå.

Ei »målretting« må eg få åtvara mot so sterkt eg
kann. Det er rett nok det at mor eller far let barnet
høyra korleis det skulde ha ordleitt seg — når det har
synt at det ikkje veit det sjølv. Det er god pedagogikk
å lata det få høyra ei »mønstersetning« i staden for det
tull det sjølv nett har sagt. Men her gjeld det at barnet
ikkje vert lært ei målføring som ikkje er eit naturleg
bilete av barnet sitt tankeliv. Eit barn bør ikkje verta
halde til å tala som ein professor. Den veslevaksne
talen som ein av og til kann høyra sume born brukar, er
oftast eit vitnemål um uvitug upplæring. Og unatur er
ei ulukke alle stader, og ikkje minst i målvegen. Barnet
må få vera barn i talen sin, og so lenge det er naturleg
for det. Det kann lel læra seg til grei og god mål*
føring.

Når barnet kjem på skulen (i 7*årsalderen) so kann
det vanleg alle ordformer i det talemålet det har lært.
Det vil no ikkje segja at det ikkje ofte kann bruka ei gal
form. Det gjer det ofte. Men formene kjenner det um
det so gjer mistak. — Det veit og namn på dei ting det
kjenner frå heimen. Det kann difor segja si meining so
pass at det er råd å skyna kva det vil ha sagt. Men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free