- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
132

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

132

evne, men ringt minne. Oftare er det å treffa ein med
godt minne, men liten givnad tif logisk tenkjing. Det er
verkeleg ikkje sjeldan. I alle fall er det ikkje uvanleg, at
ein som har eit uvanleg godt minne for eit einskilt emne,
kann vera under medelmålet i evner elles. Sume kann
hugsa tonar t. d. so dei kann syngja eller spela heile lange
stykke berre dei har høyrt stykket ein gong. Andre kann
hugsa helst salmenr., lovparagrafar, husnr., reknestykke
o. s. b. Men til anna arbeid duger dei ikkje stort. Binet
fortel um ei 18 år gamal gjente som sette han reint i
skuggen, når det spurdest um å hugsa namn og tal som
hadde vorte upplesne for dei for litegrand sidan. Han
måtte ikkje by seg mot henne i det stykket. — Men gjenta
var likevel fåming.

No er det ikkje nokon fast regel at dei som har eit
slikt uvanleg serminne, skal vanta noko på vanleg folke*
vit. Men det er lel ikkje sjeldan at det er so, at det er
noko i vegen med dei på ein eller annan måte! Og
slike serminne er det mest aldri noko gagn i. Dei kjem
so lite til nytte i livet.

Til slutt skal eg so nemna at ^det ser ut til, at den
som har serleg godt minne i det heile, han har og oftast
ei god helse. Dei som er kroppsleg veike, har ikkje lett
for å arbeida mykje med minnet. I alle fall bør ein
lærar vera varsam med å setja store krav til slike når
det gjeld utanbokslæring.

12. Barnefantasien.

Fyrestellingane våre er oftast mykje samansette.
Tenkjer me på fyrestellinga um eit eple, so veit me at ho
er bygd upp av mange einskilde leder um: fargen, skapet,
smaken, lukta, tyngda o. s. b. No kann me løysa upp
slike samansette fyrestellingar og laga nye fyrestellingar
som me tek emne til frå dei uppløyste fyrestellingane.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free