- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
136

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

136

kokast rjomegraut til henne, eller ho skal få sukkerbetar
eller eit fint forklæde og gilde sko. Men har ho vore
trollut, so skal ho ha juling. — So kann dokka vera sjuk,,
og mama må bera ho varsamt eller gjeva ho dropar av
eit glas so ho kann verta frisk att. — Born i 6— 10*års*
alderen er lærarar eller lærarinner som held skule. Og
då går alt etter reglane, det kann ein vera viss
på-Det er ikkje ein anslaus lærar eller ei likesæl lærarinne
som no står på kateteret. Arbeidet er viktugt nok, det
er greitt å skyna. Og det gjeld ikkje berre for han eller
ho som held skule, men og for skuleborna.

Det er lett å skyna at barnefantasien tek etter det
barnet har set for seg av dei vaksne. Barnet sitt arbeid
er i so måte eit etterlikningsarbeid i stor mun. Barnet
er mama eller papa, budeie, gardbrukar, fiskar, lærar som
det har set vaksne har vore. Eller barnet brukar til
mønster noko det har upplevt sjølv gjenom sitt eige arbeid.

Ein kann ikkje segja at barnet er fantasirikt. Det
kjem ikkje på so mykje nytt, nett av di det helst etter*
liknar. Jamvel i dei tilfelle ein kunde tenkja at barnet er
uppfinnar, er det lel helst ei tidlegare uppleving eller eit
hende eller høve det minnest og liksom spelar.

Når det kanskje stundom kann sjå so ut at barnet
kjem på so mykje, so har det sin grunn i at barnet tek
det ikkje so nøgje um ikkje dei ting som skal svara til
eller representera fyrestellingane, er høvelege til det. Det
er utruleg kor mykje ein liten trekjepp kann vera for
barnet, kva han kann vilja og kva han kann segja og
gjera. Men likevel: kjeppen er i barnet sine tankar i alle
tilfelle noko som det har set fyrr, og han segjer sjeldan anna
enn det barnet har høyrt fyrr. Barnet er so stor symbolist at
all tanke um likskap eller naturtruskap er umlag heilt
burte. Det gjer at barnet kann leggja inn i eller knyta
til dei ting som det steller med eller som det har kring
seg, kva slag fyrestellingar det enn skal vera.

Men hugsar so ikkje barnet det minste på at det
berre «fantaserar» når det levandegjer alt og let t. d.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free