- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
220

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

220

i ord og i åtferd, kann vera ein retteleg uppsedar. Um
ein ser berre på kva som verkar sterkast og djupast på
barnet, so må ein visseleg lel segja, at uppsedaren sitt
arbeid ligg meir i at han passar seg sjølv enn at han har
politiuppsyn med det.

Reint naturgjeve har barnet eit merkeleg lag til å taka
etter det det ser eller høyrer for seg. Etterapingstrongen
er sterk, veit me. Og barnet skynar heller ikkje ei lære
so godt som det skynar det liv som det ser for sine eigne
augo. Livet verkar både snarare og meir overtydande.
Han såg rett romaren Seneca når han sa: »Gjenom ord
er vegen lang, men gjenom fyredømet er han stutt.« Den
abstrakte teori, den turre lærdomen skapar heller ikkje so
sterke kjensler som sjølve livet. Det set dei djupaste
merke, dei merke som er seinast å få ut. Det er ei sanning
ein ser stadfest i uppsedingsarbeidet uppatt og uppatt.

Det er nat;irleg at mor og far vert eit slag mønster
som barnet i sume ting freistar å likna. So burde det
og vera, um alt var som ein skulde venta det. Men det
er ikkje berre foreldra som barnet tek til mønster. Andre
menneske som det lærer å kjenna gjenom samliv med dei,
(læraren t. d.) eller menneske som det høyrer fortalt um,
eller les um (når det vert boksynt) kann og verta valde
til mønster eller ideal. I alle fall kann barnet i tankane
ofte venda attende til slike personar, når det vert sett til
eit val i det daglege livet. Det er tvillaust tilfellet med
sume born i minsto, at dei har fått seg eit slag mønster
som dei ser upp til og høgvyrder på sin måte. Og desse
barneideal verkar visseleg sterkt tilbake både på kjensle*
og viljelivet hjå barnet.

Ein kann visst og segja, at dei ideal barnet lagar seg
eller vel seg ut, dei har samanheng med kva barnet er.
Eit barneideal er nok med og skapar barnet i åndeleg
meining. Men idealet som barnet har valt seg, fortel oss
og noko um korleis barnet er: kva det tenkjer på ofte,
kva det helst likar og set høgst, kva det tykkjer er gildt
og kjekt, kva det tykkjer rett høver for ein gut eller ei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free