- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
31

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daniel laut gå. Snart etter fekk han høyra at
kandidaten hadde fenge ein post i Kristiania.

Daniel tok ikkje dette tungt; det laga seg vel, tenkte
han; no kom snart den nye kapellanen. Og han far
var meir uppsett på å få sonen fram til prest enn Daniel
hadde tenkt; so no skyna Daniel at han turvte ikkje
reddast lenger.

— Ja; moldtrælen vilde gjerne ha son sin fram til
prest.

Han tala fleire gonger med kandidat Massmann um
Daniel. Og kandidaten gav han godt mod. Guten hev
eit lett hovud, sa han, og greider seg utruleg. Men på
skule må han. Dette her vert berre upp i tufs, som du
ser, og han vert aldri ferdig. — Kor langt han kann
nå f — Hå; ein god embetsmann kann han bli; ein . . .
slik som dei vil ha han; *send ham på fabrikken, Ole
Johannes» 1

Då Ole Johannes fekk vita kva «fabrikken» var, lika
han denne rådi ikkje so ille. Men då han rødde med
Mari um det, sa ho plent nei. Styra den unge guten
åleine heilt til Kristiania, der han kunde koma ut fot
både frimaurar og anna stygt, det fekk dei aldri henne
med på. Skulde han nokon stad av, so kunde dei
senda han på latinskulen i byen; men elles kunde han
vera heime no som lyrr, og gå hjå den nye kapellanen,
når han kom.

Den nye kapellanen kom. Det var ein liten raudbleik
kar med ljost hår og raudt skjegg; det fyrste han gjorde,
var å gjera seg kjend med dei vakte. Då Ole Johannes
tala med han um Daniel, svara han snøgt at han skulde
skriva til rektor ved latinskulen og få alle naudsynlege
upplysningar; sjølv var han redd han fekk so mykje å
gjera i kyrkjelyden, at han ikkje fekk stunder til
«privatundervisning»,

Ole Johannes sa takk. Vilde presten høyra etter um
prisen, og um kor lenge dei måtte gå på den skulen,
so var det svært snildt. Men — Ole Johannes kom
endå ein gong upp med sine store, gamle tvil —: trudde
presten at det kunde nytta å halda guten i so høge

3 — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free