- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
38

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det til gagns. Han vart stundom so leid av seg, at
han drøymde um å røma, Fara til Amerika, eller til
sjøs. Det som dreiv han til å lesa var mang ein gong
berre tanken på bygdeslarvet, og so tanken på Inga,
Ein gong um månaden kom Ole Johannes til byen
med matvaror til son sin; stundom var Mari au med,
«Eg kann ikkje forslå, kva du vil til byen etter,» sa
Ole Johannes; men Mari måtte inn og sjå um «Daniel,
stakkar»; det var ikkje råd for det. Daniel var glad
når dei kom; men dei var fælt bondsklege. Når han
fylgde deim i byen, so vilde han helst ikkje råka
kameratar. Elles var det ikkje fritt anna han kom seg,
han far. Ny bykjerre hadde han rådt seg til som ikkje
var stygg; og det som meir var: han kom strykande
til byen i kvit halskrage og klædestroye. Men ho mor
var den same som ho hadde vore. Ho var vel for
gamal til å læra ny skikk no. Ja ho lika ikkje at Ole
Johannes fjelga seg upp heller. Ein gong dei var i byen,
sette ho seg til å syta og jamra for Daniel reint av naudi
um, kor rart Ole Johannes tok seg upp i seinare tid.
Han vilde liksom vera noko meir enn fyrr no, då han
hadde ein son i byen på latinskolen. Ikkje hadde han
den arbeidshugen heller som tyrr, men gjekk mykje og
strauk ned på Neset eller ut i bygdi og gjorde seg gode
dagar. Heime vilde han og leva godt, kjøpte heim fint
brød og kaffi, og løyste blad som han sat og las i heile
halve øyktene. Brennevin hadde han og i huset no. —
Brennevin? — Ja; um det kom eit menneskel Det
skulde vera so gildt alt no, må tru, Mari kunde ikkje
skyna kvar det skulde bera av. Men Daniel lika i
grunnen dette. Og til mor si sa han, at det var visst ikkje
fårleg. Han far visste nok kva han gjorde; ho skulde
ikkje syta for det. Kann henda hadde han, når alt kom
i hop, betre råd enn nokon visste, A gud betre oss
for rådi, sutra Mari; det var nok lånte pengar han flaut
på no. Ja det var kje so visst, meinte Daniel; ein
skulde ikkje tru ein bonde lenger enn til tennene i
sovore. Mari såg på son sin; slo so augo ned att og
sukka. Ho forstod at ho nok ikkje fekk nokor hjelp her.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free