- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
46

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

annsamt på skulen til å fylgja med i alt slikt. Men då
han såg at Tarald Ruste ikkje var fornøgd med dette,
la han snøgt til, at sjølvsagt var sparsemd ein god ting.
«Ja, det lærer du nok å forstå!» meinte Tarald.

Etter dette hadde Daniel mest som ei von um
lensmann Ruste.

Og lensmann Ruste hadde voner um Daniel. Han
gjekk og undrast på, kven han skulde få med seg til
å hjelpa guten fram. I bygdi var der ingen som åtte
pengar utan presten; men det var ingen som gjekk til
presten etter pengehjelp. Eit par menner i byen var
det som ein kann henda kunde freista. Grosserar Helle
var ein greid kar i visse måtar, endå han ikkje heldt
med Jaabæk. Det var dei som tvila på, um grosserar
Helle var so rik som han ståka til; men Tarald tvila
ikkje. Og so var det gamle Finsen. Han hadde hjelpt
ein slik gut fyrr, han; det var alltid ein som vilde på
misjonsskulen; men kven veit; han gjekk gjerne med
her au. Tarald Ruste køyrde til byen ein dag og tala
med desse mennene. Og det gjekk godt. Grosserar
Helle sa ja på fyrste ordet. Finsen var seigare; for
han hadde lova Vårherre å bruka alt det han kunde
avsjå til Sulu-misjonen. Men sistpå gav han seg. Kann
henda Vårherre kunde bøygja hjarta hjå denne
bondeguten slik, at han og vart misjonær ein gong f Ein
fekk setja alt i Herrens hand, meinte Finsen. So vart
desse tri mennene samstelte um, at dei skulde hjelpa
Daniel Sørbraut fram til student-eksamen. Og Helle
vilde dei skulde senda guten til Kristiania på «Fabrikken»
og få han «ferdig i en fart»; det var både billegare og
betre, sa han; og so hadde Jonas Didriksen på Neset
gjort med han Peter, son sin. Dette gjekk dei med
på, dei andre.

So kom Tarald Ruste svært kry ein kveld køyrande
til Sørbraut med dette fagnadbodet. Og velkomen vart
han. Heile huset kom på ende; Daniel lo; Mari koka
kaffi; Judit gjekk og stelte um lensmannen som det
var ein gamal bestefar; sjølve Lias smilte. Mari lika
ikkje alt so godt det at Daniel skulde til Kristiania;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free