- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
56

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— aldeles færdige; nu kan vi gå videre.» Og han sette
seg og gjekk igjenom leksa til næste dagen. —

— Daniel budde på eit loft i Akersgata. Romet var
ikkje lite; men det var lågt og hadde skråtak; dei småe
vindaugo braut seg ut gjenom taket. Kantar og krær
var her nok av; utsyn hadde Daniel til eit par hus-tak
og nokre skorsteinar. Men han lika seg her. Romet
var lognt og koseleg; og den stengde utsyni gjorde
at han kjende seg liksom so trygg og godt gøymd.

Byen lika han og på ein måte. Her var kje som
han hadde tenkt; her var smått og grått i grått for
det meste; det var utruleg so simpelt som her kunde
sjå ut mest all stad, so nær som upp på Homansbykanten.
Men for Daniel var alt nytt og dermed gildt. Den
einaste stubben storgate byen hadde, stykket frå
stortinget til slottet, var so gild med alle sine krambuer
og tre og slottet øvst uppe som ein breid vegg, at han
sakna ikkje sine marmordraumar so mykje endå.

Det var vel so ein storby skulde sjå ut. Dei som
hadde tilsyn med bygningstellet her, dei visste nok
korleis det skulde vera.

Draumen um å koma uppi noko stort eller
forunderleg seig fort av han. Han såg ingen ting som minte
um eventyr. Folk såg svært kvardagslege ut; og um
han ein gong imillom råka ut for ei gild vogn, so visste
han, at inni den sat det vel i det høgste ein grosserar.

Men ein ting arga han: Folk var so kaute på det.
Han totte dei gjekk og småflirte åt han mest kven han
såg; og um han so berre kom inn på ei krambu, eller
han skulde ha seg eit kvartpund petum hjå ein
tobakks-handlar, so var dei diskemennene og sigarjomfruone so
kaute og krønske, at han både vart bljug og brydd.
Det var vel det at han ikkje tala fullfint enno. Men
det skulde snart laga seg.

Den einaste moro han hadde var når han ein
sun-dags ettermiddag i skumingi kunde vera med Haugum
og Aslak Fjordan og driva upp og ned «Karl-Johan».
Då kjende han seg fri; og glad som ein smågut gjekk
han og glodde på alle desse fine folk som strauk att

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free