- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
79

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

arbeidde seg fram mot talarstolen so snøgt han vann;
han vilde sjå og høyra denne norske villmannen som
det gjekk so mykje drøs um, og som skreiv so flirande
og ravgale på sitt ravgalne mål i det ravgalne
Døle-bladet sitt.

Rett stilt og godsleg, men med rare, blinksande
augnekast, tok Dølen til å fortelja, at det var
forunderleg i grunnen, at tvo-tri hundrad gutar i tjugeårsalderen
kunde sitja saman ein heil kveld og drikka puns og ha
det hyggeleg, og so ikkje halda so mykje som ein tale
eingong for det som unge gutar jamt var so galne etter,
nemleg kvinna (Hurra! Hurra! Ståk); Daniel kjende ein
liten heit styng i brystet og tenkte på Inga, men Berta
Maria vilde og fram, og det var i grunnen so leidt å
visa henne ifrå seg. Men, sa Dølen og vart sterkare i
mælet, når dei unge ungkarane ikkje gjorde si plikt, so
fekk dei gamle taka i; for Gud hjelpe oss alle, um kvinna
vart oss ublid! Og so vilde no han freista på å ofra
eit lite røykoffer for den strenge, men likevel so inderleg
snilde gudinna, eller gydja, som det heitte på norsk;
og det vilde han gjera for oss alle her, liksom dei
katolske prestane drakk for alle sine sokneborns synder;
og då vona han at ingen av alle desse gutane her
skulde koma ut for anna enn godt og blidt ifrå kvinna.

Dei sa nok at ho var den veike og mannen den
sterke; og det stod tilmed skrive, at kvinna var eit
skrøpeleg kar; men — skam far i det! — ho var sterkare
enn nokon visste, det trollet; og mang ein sterk mann
hadde ho bøygt og brote med sin vesle finger, liksom
huldri i folkesegni braut hesteskoen i tvo bitar med sine
nakne mjuke hender som ingen ting.

Heile salen fylgde hans ord med samtykke og lått
og lystige tilrop. For alt han sa, kom so morosamt.
Daniel fann ei moro berre i det at denne gamle
styggingen, halvt bonde og halvt satyr, skulde tala for kvinna.

Og han ta i veg, på sin sereigne måte, halvt skalkut,
men alvorsamt likevel. Han meinte visst so nokolunde
det han sa, kor rart det kunde høyrast ut; men då han
vel ikkje alltid var stød på um han meinte det plent

6 — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free