- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
98

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med det f Var det noko som ein måtte vera fødd med?
Var det ikkje sant at alle av naturi var Uke, og at det
edle og høge føddest likso ofte i hytte som i borg?
Skulde Vårherre ha stelt det so, at dei som var fødde
i rikdom, fekk alt godt, men dei som var fødde i armod,
laut bera merke av det alle sine dagar?

Daniel vilde ikkje tru det. Vårherre var rettvis; alle
var like frå hans hand. Den skilnaden som var, den
kom av at folk voks upp under ulike vilkår; og den
kunde jamna seg med tidi.

Og so hadde bondegutane krafti, som Dølen hadde
sagt. Som dei her kom stigande, ålvorsame og tunge,
sume små og tettbygde, andre staute og store, såg dei
ikkje ulikt ut til «søner av tjellet*.

«Hellig, hellig!» ljoma det endå ein gong. Daniel
hadde vunne yver sine tunge tankar; akademisk borgar
var han no, det hadde han brev på. Og no vilde han
vera glad, so lenge han åtte mynt.

Han fylgde Haugum til Kafé National; dei vilde
«merke dagen>. Ein heil flokk hadde samla seg i
kaffistova; der var det gilde med talar og øl; det ideale
studenterliv byrja no, tenkte Daniel. Og det vart
festtale-idealitet i foss og flaum. Dei gamla tala for dei unge
og dei unge for dei gamle; ein bystudent tala for
bondestudentane og ein bondestudent for bystudentane, det
vil segja for dei bystudentane som hadde frisyn og
vidsyn nok til å slå lag med bonden; bonden var fortidi
og bonden var framtidi; bonden sat inne med
fedre-arven, og bonden sat inne med framgangstankane;
bonden åtte landet og bonden vilde bera det fram. Skål!
Leve! Hurra! hurra! Daniel drakk øl og totte det
stod godt til. Han hadde ikkje visst at bonden
var slik kar; men når ein bystudent sa det, og når
folk som Hans Haugum og Jens Rud samtykte i det,
so måtte det vera sant; og då var det staut å vera
bonde. Han gjorde seg ein sving burtum spegelen og
såg at duskeluva ikkje sat so ille endå.

God og mett rusla han heim. I morgon vilde han
skriva friarbrev. Jens Bakke sende nok pengar; og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free