- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
99

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

sende han ikkje, so vart det vel endå ei råd; verdi var
god og glad, og folk var so snilde. —

— Då han kom upp på hybelen sin, var der
reinskura og stelt som til helg. Stakkars Berta Maria, det
hadde visst ho gjort til ære for dagen. Berta Maria
var snild. Han vilde gjera seg kjend med henne,
stakkar; ho hadde vore so bleik i seinare tid. Bar ho kann
henda i løyndom på ein elsk som ho visste var vonlaus?

Tung og trøytt la han seg på sengi. Han seig av
i øltunge draumar; fyrr han visste ord av, sov han;
og den natti sov han som ein hest. Då han vakna,
hadde han vondt i hovudet. Men det høyrde med til
det ideale studenterliv; han fekk finna seg i det. —

— Tunge, ukjende steg kom stabbande; døri gjekk
upp; eit framandt kvinnfolk kom inn med kaffien. Det
var eit digert raudt gjentebeist, skakkmynt og med
rottetenner; rund var ho i ryggen og skeiv i mjødmane;
Daniel stirde; kva tydde dette, tru? «Vessgo!» sa gjenta.
«Å så skulde jæ høre om Dere ska ha kjøpt noe i byn
i da; jæ er den nye pika.» «Jaso,» sa Daniel, han var
grovmælt etter ølet; «kvar hev det vorte av den gamle?»
«Hu? he-he; hu fikk forfall, som dom sier. Hu er reist.»
Daniel kjende seg uhugleg. «Forfall?» sa han. «Ja—a.
Ja dæ er ikke noe som jæ bryr mej om å snakke om,
kan Dere vite; men slik går’e, når e’ pike ikke passer
sej! Hu kunde ha holdt sej fra dom soldaterslaska,
vel, og holdt sej orntli, hu som andre piker! Men d’er
’ke noe for mej å snakke om da, skjønner Dere.»

Student Braut kom ikkje til å skriva friarbrev den
dagen. Han kom ikkje til a skriva friarbrev dagen etter
heller. Han kom i det heile ikkje til å skriva friarbrev.
Derimot sa han upp romet sitt og flutte til eit kot i
Fredensborgvegen. Han kunde ikkje halda ut å bu på
den gamle hybelen sin lenger; og minst kunde han
halda ut å sjå på denne nye gjenta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free