- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
100

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

VII.



Fyrelesningane tok til; skulegutane gjekk og var
studentar.

For Daniel var det til stor hjelp; det spreidde tankane.
Og minst kunde han her uppe millom all denne ideale
ungdom tenkja på Berta Maria.

So åndfulle som han hadde tenkt, var fyrelesningane
ikkje. Mang ein gong hadde han kalla dei åndlause,
um han hadde tort sagt eller tenkt slikt um so høge
ting. Men det torde han ikkje. Det var sjølvsagt berre
han, som ikkje til gagns forstod dei.

Det var det gode her at ein turvte ikkje læra leksor.
Og vart ikkje yverhøyrd. Ein hadde ikkje anna å gjera
enn å høyra på, og skriva «notater» um ein so syntest;
og vilde ein vera burte frå fyrelesningane, var det ingen
som heldt rekneskap yver det. Professorane kjende
ikkje læregutane sine dessmeir; kvar stelte seg som
han sjølv vilde. Dette lika Daniel. Men han undrast
på korleis ein skulde læra sine ting, når ein ikkje fekk
leksor.

Um ettermiddagen gjekk han og dreiv med kven han
fekk lag med. Han hadde tenkt å lesa igjenom på nytt
det han hadde både lært og ikkje lært i sine skuledagar;
men det fekk vera til sidan. Um kvelden var han
stundom i teatret. Han lika seg der; mest alt gjekk ut um
kjærleik. Og alt var fagert og idealt. Teatret var som
eit eventyrland midt i livsens prosa; der levde det fagre
sitt liv i fred, avgøymt frå alt som kunde skipla og
skjemma. Der levde Daniel i sanning idealt, totte han,
endå han laut sitja på «Tolvskillingen». —

— Jens i Larsebakken sende pengar. Men den
moldtrælen sende 50 dalar i staden for 100, so det galdt å
spara; og Daniel sparde det beste han hadde lært. Det
galdt å få dei 50 dalarne til å rekka so langt som
råd var. Med tid og stunder laga det seg vel so han
fekk meir.

Den som hadde hjelpt so langt, hjelpte nok lenger.
Og no hadde Daniel ei serskilt god von; for Jens i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free