- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
142

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bilete av Jesus med tornekruna, Jesus på krossen og
den norsk-svenske kongen; dessutan eit par målartavlor
med norske landskap. Midt på golvet under ljoskruna
stod det store runde stovebordet med portrettbøker og
ein bekar full av helsingskort. Rundt bordet stolar av
ymse slag, makelege og mjuke; mindre og større
gips-figurar og bystor stod uppstelte rundt romet på hyllor
eller skåp. Ved veggen burtimot vindauga eit piano, og
ved veggen inst inne ein sofa; på den sat Daniel no
og venta. For det var ein student inne hjå Pater, hadde
gjenta sagt.

Daniel var uroleg. 1 dag, då han var komen ut i
frisk luft, hadde trui vorte so veik i han. Han hadde
kjent slik glede i dette jordiske, og slik lengt etter
«studenterlivet», at han mest måtte tvinga seg til å halda
fast på nåden. Kor hadde det seg? — Ja for han var
då umvend? —■ Men so glad yver å få tala med Pater
som han burde ha vore, det torde han ikkje segja han
var.

Det tok i kontordøri; Daniel reis upp og budde seg
til å helsa. Døri gjekk upp; «studenten» kom, med
ryggen fyre bukkande inn-etter, og Daniel høyrde ei
breid røyst som hjartans venleg sa: «Herren være
med dej, kjære ven!» — Med ein gong vart Daniel
bleik, og so straks etter raud; den framande studenten
var Ole Bentsen.

Ole Bentsen vart korkje bleik eller raud. Men glad
såg det ut til at han vart; han stana og sa med
syngjande mæle: «Nå, skal eg råka deg her? det var svært
hyggeleg. So hev Vårherre funne deg då, — endeleg.
Eg visste at han arbeidde med deg; eg såg at han
måtte bruka strenge råder mot deg; for du var
fåfengeleg i hjarta ditt og vilde ikkje høyra hans røyst. No
hev han funne deg; eg ser det på deg; velkomen skal
du vera!» Og Ole Bentsen snudde seg til Pater: «Det
er student Daniel Braut; ein gamal god kjenning. Fyrr
var han eit verdensbarn, som eg og so mange andre;
men no trur eg visst, at Herren gjenom si strenge tukt
hev bøygt han.» «Velkomen skal du vera» sa Pater

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free