- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
143

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

barneglad med eit veldigt handtak; «velkomen kjære
ven! Kom lat meg få tala med deg ... ja, eg fær
vel lov til å segja «du»?» — Daniel stod der raud og
reint fortryllt. «Takk, takk,» stota han. «Ja farvel då,
kjære Bentsen 1» sa Pater; Bentsen gjekk. Men Pater
drog Daniel med seg inn: «Kom! kom inn, kjære unge
ven!« sa han og lét att døri.

Inne i kontoret var der endå meir sol; ho låg
inn-yver golvduken og bordet i tvo blide straumar som
lyste upp, so sjølve krusifikset uppå veggen syntest
smila. «Nå, kjære ven,» sa Pater, «hvordan har du det?».
Han var so varm og trufast i alt sitt lag at guten reint
vart kløkkt; soleis hadde nok aldri han vorte fagna. Han
lyfte sine blide, bedande augo — dei var reine og klåre
som i gamle dagar —: «Eg hev havt det vondt,» sa
han. Men Pater sat midt i stråleglansen, breid, fager,
ljos; åsyni hans var klår, frisk, smilande som på eit
barn; og eit småkrulla gullfagert hår låg som ei glorie
um panna. Han vart glad i denne guten, som sat der
so hjelpelaus og tillitsfull; og han reis upp og la handi
på aksli hans og sa: «Ja, hev du havt det vondt, so
ver trygg på, at det er Guds faderhand som hev vore
yver deg, og at han nok vil hjelpa når hans stund
kjem 1» Han sette seg att; dei blide ljosblåe augo hans
var våte av tåror.

Daniel måtte fortelja um sitt liv frå fyrst til sist.
Han vilde ha sprunge yver at han hadde havt Hirsch
til lærar, men var ikkje fin nok; Pater spurde etter, og
Daniel laut ut med det; dåjo Pater: «Du hev vore ut-i
grundtvigianismen og?» «Å ja, på ein måte,» svara
Daniel; men grundtvigianar hadde han aldri vore. Då
han fortalde um studentlivet sitt, vilde Pater vita um
han hadde vore med i Framsflokken; til det svara Daniel
like eins: han hadde vore med på ein måte — ein
kjenning hadde drege han inn —; men han hadde aldri
vore Framsmann. Til slutt fortalde han um sine vonde
dagar, um svolten og naudi; og so um sjukdomen som
hadde lært han å venda sine tankar til . . . den rette
hjelparen; og no hadde han berre eit ynske, sa han:

xo — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free