- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 5:e Aargang. 1881 /
170

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

Fedraheimen.

29de Oktbr. 1881.

Det er aalment sagt, at Ibsen er
”Satiriker”. Det er han og, endaa han
er sterkare i det ”Påthetiske” enn i
Satiren*).

Ein kann soleids ikkje kalla Ibsen
ein ”stor? Satiriker. Den store Sati-
rikeren er ein Mann, som ikkje aaleine
ser det galne og faarlege hjaa Folk,
men som ser det med Forstaaelse og
tuktar det i Medhug, tuktar det med
Tru paa det gode hjaa Folk, og for
aa hjelpa Folk fram. Den store Sa-
tirikeren er altso ein Mann, som er
med i det aalmenne Framgangsarbei-
det likso væl som den store ”Skalden”.
Ingen vert stor Satiriker paa Smaa-
Tankar elder paa utlivde Synsmaatar.
Tenk deg ein Mann, som sette seg til
aa skriva ut Spottedikt yver Nord-
mennerne, fordi dei ikkje trur paa Fre-
nologien! Elder tenk, um Ein vilde
skriva ei stor Komedie mot dei upp-
lyste Nasjonarne, fordi dei ikkje
lenger fer paa ”Korstog” til det heilage
Land! Han kunde skriva so kvasst
og godt som han vilde; men Boki
hans vilde vera gløymd um eit halvt
Aar, og Ingen vilde bry seg um Vis-
domen hans.*) Og paa den andre
Sida maa han altso hava det gode
Hjartelaget og den menneskelege Med-
hug, so at Satiren hans ikkje vert
berre surt Sinne utan det rette gode
Humør; og endeleg maa han kjenna
sine Folk so gløggt og veta so væl
kor han hev dei, at han ikkje vert
rangvis mot dei elder høgg i Mist.
Ibsen hadde stor satirisk Kraft; han
kunde hoppa til som ein Jutull. Men
han kunde ikkje koma til aa bruka
denne Krafti i det aalmenne Fram-
gangsarbeid, som me forstend, av di
det var ein mindre Tanke, han mest
elskad, og dette gjorde, at Satiren
hans ikkje vart i Grunnen ”faarleg”
for Stillstandsflokken. Dessutan var
han væl mykje sinnad og saag kan-
skje ikkje gløggt nok helder altid, og
paa den Maaten hende det, at han
hoggde soleids til, at han ikkje raakad.
Han slog for vidt; det raamad kanskje
baade her og der, men ikkje plent
der, han vilde. Dette gjorde, at endaa
um han piskad ”Tomtegubbarne” vaare
av al si Magt, so kjende dei ikkje
større til det. ”Det er ikkje oss, han
meiner,” sagde dei ***). Og soleids
gjekk det til, at dei reknad Ibsen til
sin Flokk, endaa naar han strauk dei
upp. Dei totte det stod godt til, dei.
Han var ikkje faarleg, for han ”vilde
ingenting”, og naar han piskad Skin-
net av ein Prest elder ein Fut, so
meinte han ikkje ”oss”, ikkje ”vaare”
Prestar og Futar, men berre ”Presten?
og ”Futen” in abstracto.

Det kom av, at han slog for vidt
*) ”Pathos” (upphavleg = Liding) er her
= høg, eldfull, profetisk Stil, snart
refsande og dømande, snart lovsyng-
- jande.

Me hev ein ung Mann her i Landet,
som for ei Tid sidan skreiv nokre
Sonnettar mot Bjørnson og Ibsen, fordi
dei ikkje heldt seg strengt nok utanfor
Tidstankarne; — kven er det, som min–
nest dei Sonnettarne no?
**) Det same sagde dei tilmed um ”Sam–
fundets Støtter.” Men daa var det ikkje
so mange som trudde dei; Ibsen hadde

her lagt Skildringi nærmare inn til
Livet.

F*)

og for hardt, som sagt; men Meiningi
var god, og ”Brand” viser4 meir enn
tydelegt nok, at han var langt ifraa
aa vera ein av ”dei gamle”.

Den aandlause ”Byrokratismen”,
som held Verdi for ein Protokol og
Folk for ”Løbe-Nummer”?, og som me
hev so æveleg nok av her i Landet,
hev han fyrst fram i ”Futen” paa ein
slik Maate, at aldri hev det voret
gjort so grovt. Jaabæk med sitt ”Em-
bættsmannafiendskap? er reint ein
snild Gut mot Ibsen, og Bjørnson kann
ha voret hard nok stundom, men han hev
aldri kunnat skildra dette Utyet med
slikt eit Hat. Straks ein møter Fu-
ten i ”Brand”, skynar Ein Meiningi.
Han sit og skal liksom gjera væl mot
denne Bygdi, som held paa aa svelta
ihel; men ikkje eingong her er han
Mann; han er — ”Fogedkontoret”.
”Stend du paa Lista?” segjer han til
dei Årmingarne, som kjem der mest
ihelsvultne og skal hava litt Mat til
Kona og Born; og stend dei ikkje
paa Lista”, so kann dei gaa. Han
«øjer si Plikt*, men altid inden Di-
striktet*, innan Protokollen; aa gjera
nokot utanfor det, som Fin er nøydd
til etter Embætts-Instruksen, er *form-
løst. Daa Brand kjem og vil liva
eit MenneSkeliv inni dette Proto-
koldistriktet hans, vert han reint raad-
laus og bed berre Mannen reisa sin
Veg. Og daa Brand ikkje vil dette,
reiser Futen *Krig* imot han; slike
Folk hev han ikkje Bruk for i sitt
*velorganiserede Distrikt.*

Futen er *Embættsmann* fraa Topp
til Taa. Kontoret, Protokollen, Ar-
kivet er alt. Det var eingong, fortel
Skulemeistaren, at det var Brand hjaa
Futen, og Futen strævad af all Magt
med aa faa berga Arkivet; men den
Vonde stod i Stova og lo aat han.
Daa skreik Futefrua: *Frels din Sjel,
min kjære Ven!’* Men Futen svarad:
«Min Sjæl? — Til Helvede med den;
hjælp blot at bære burt Arkivet! —
So heilt ut Embættsmann er han. —

(Meir).

Garfields Avferd.

Etter det amerikanske Bladet” Bud-
stikken” tek me inn det som her kjem
um Præsident Garfields siste Stund
og um Gravferdi.

— Maandags Morgonen den 19de
September byrjad godt. Præsidenten
hadde havt ei rett god og roleg Nott,
so nær som ved Midnottesbil, daa han
hadde Kulderider. I Dagrenningi var
alt i og ikring Garden kurrt og stilt.
Dagen kom, klaar og straalande. Kl.7
kom Dokteren, Bliss, ut fraa Præsi-
denten og fortalde til dei, som stod utan-
for og ventad, at der ikkje var Grunn til
aa ræddast nokot den Dagen. K1.9,
nokot seinare enn hellest, tok Lækjar-
arne til med det vanlege Ettersyn av
Saaret. Præsidenten vart snudd um
paa Sida, for at dei kunde koma til.
I det same sagde han: ”Eg frys”, og
fekk Uppkastningar. Deretter kom
svære Kuldetokter, som heldt paa i 10
Minuttar. Utlemerne var kalde og
hadde ein blaa Lit. Musklarne i
Kroppen drog seg ihop som i Krampe,
og slaknad att. Dette kom att fleire

Gonger. Pulsen gjeng upp til 144
Slag i Minuttet elder kanskje fleire,
daa Dokterarne ikkje godt kunde fylgja
med og telja. Endeleg sluttad desse
Riderne, og Præsidenten dovnad av i
ein Dvale. Dokterarne hadde no reint
gjevet upp al Von um Liv; det var
berre eit Spursmaal um Tidi. Fru
Garfield vart tilsagd um dette, men
denne ædle og kjærlege Kvinna kunde
ikkje tru det. Ho kunde ikkje sleppa
Voni. Medan Riderne stod paa, var alle
Dokterarne samlade. Dauden kunde
koma kvar Stundi. Men etterkvart
som det leid paa Dagen, syntest Præ-
sidenten aa koma seg att. Di lenger
det leid, di gladare saag Dr. Bliss ut,
og daa Kveldbodet var utgjevet, var
Mannen reint sæl og sagde, at Præsi-
denten var betre no enn han hadde
voret paa 48 Timer; ja han tok endaa
til aa leggja ut um, at det endaa
kunde tenkjast, at Præsidenten kunde
liva. Lidt fyre Kl. 10 gjekk Lækjar-
arne fraa Sjukestova, alle i den Trui,
at Præsidenten vilde faa ei god Nott.
Det var General Swaims Tur aa vaka
den Notti. Daa han kom inn i Sjuke-
stova um Kvelden Kl. 10, fann han
ingen der utan Fru Garfield, som tru-
fast heldt ut hjaa den døyande Man-
nen sin. Swaim spurde, kor det stod
til. Ho svarad: ”han søv so godt.”
Sweim bad henne daa gaa til Ro; ho
kjende den Sjuke paa Pannen og
Haandi og sagde: ”han synest hava
det godt no”; deretter gjekk ho ut
for aa kvila. Strakst etter kom Dr.
Boynton inn og kjende etter Pulsen;
han sagde til Svaim, at denne ikkje
var so sterk, som han hellest var um
Ettermiddagen, men at han likevæl
var i rett god Skikk. Deretter gjekk
han; han hadde berre voret inne i tvo
Minuttar. Ei liti Stund etter vaknad
Præsidenten. Sweim sagde: ”De hev
havt ein god, styrkjande Svevn.” ”Aa,
Swaim, denne fæle Verken”, sagde Præ-
sidenten og tok seg for Brystet ovan-
for Hjartat. Deretter bad han um
Vatn; han tok sjølv Glaset i Haandi
og drakk som sedvanleg; men Swaim
studde Hovudet hans uppe. Daa sagde
han igjen: ”Aa, Swaim, denne fæle
Verken! Trykk med Haandi her —”;
Swaim lagde Haandi paa Brystet hans,
og Præsidenten lagde Henderne bak-
yver upp mot Hovudet og sagde:
”Aa, Swaim, kann du ikkje stansa
dette?” Deretter tok han til aa sjaa
paa Swaim med slike stive, stirande

Augo. Swaim spurde, um han leid
svært. Han fekk ikkje Svar og spurde
upp att. Daa han endaa ikkje fekk

Svar, sende han Bod etter Fru Gar-
field og Dr. Bliss; den siste kom um
2—3 Minuttar. Daa var Klokka 10
Minuttar yver 10. Dr. Bliss kjende
etter Pulsen, men kunde ikkje finna
han. ”Han døyr”, sagde Dokteren.
Daa Fru Garfield kom inn, sagde ho:
”Kva er dette? Aa, kva hev eg gjort,
at eg skulde lida denne forfælande
Uretten?” Præsidenten laag still og
roleg, der var ikkje ei Rørsla aa sjaa,
korkje i Andlitet elder hellest. Dr.
Agnew leitte etter Pulsen, men kunde
ikkje lengjer finna han. Dr. Boynton
lagde Øyrat til Brystet hans, men
kunde ikkje høyra Hjartat slaa. Kl.

10 og 35 Minuttar drog Præsident
Garfield sin siste Sukk; den ædle Sjæli
var forløyst; Mordarkula hadde full-
ført sin djevelske Gjerning.

Daa Præsidenten hadde sloknat,
gjekk Fru Garfield inn i sitt eiget
Rom, men Dokterarne Boynton og
Agnew og Sekretærn Brown vart ver-
ande hjaa den daude. Um ein halv
Time kom Fru Garfield inn att og sat
hjaa Liket til Klokka 2; daa seig ho
i Uvit.

Ut paa Ettermiddagen tok dei aat
med aa opna Liket; det galdt aa finna
ut, kor Kula sat og den nærmaste
Orsakitil Præsidentens Fraafall. Mange
Lækjarar var tilstades; Operasjonen
varad 1, Time. Dei tenkte mest ikkje
dei skulde funnet Kula. Dei hadde
heile Tidi tenkt, at ho sat i Under-
livet; dei hadde endaa med Pro-
fessor Bells elektriske Apparat funnet
ut paa ein Prikk, kor ho skulde sitja;
men dei fann henne ikkje der. Dei
leitte baade lengje og væl; endeleg
fann dei Kula like attum Hjartat,
mest 2 Fot fraa den Staden, der Dok-
terarne hadde funnet ut, at ho skulde
vera.

Dette var merkjelegt nok. Men
endaa merkjelagare var det, at det
14 Tomar djupe Saaret, som dei i 80
Dagar hadde stelt med, og som dei
all Tidi hadde sagt ”grodde godt”,
endaa det ikkje grodde, — det var
ikkje Saaret etter Kula! Det var
berre ein Kanal, som hadde lagat seg,
for at Utflodi av det indre Saaret
kunde koma ut. Med eit Ord: dei
lærde Dokterarne badde ikkje visst
meir um Kula og dens Gang enn um
Mannen i Maanen.

Etter Obduksjonen vart det uppsett
eit Daudebod, som vitnad, at Præsi-
denten hadde døydt av innvortes For-
blødning, og at han paa ingen Maate
kunde hava livt. Kula vart av Dr.
Bliss innlagd i Umslag, som vart for-
segiat; ho skal yvergjevast i Rettens
Hender, naar Mordaren kjem under
Forhøyr. Det Sidebeinet, som Kula
hadde splintrat, vart utteket og skal
gøymast paa det ”nasjonale historiske
Museum”.

Daa Liket var balsamerat, vart det
klædt i den Klædningen, som Garfield
hadde paa seg, daa han vart innsett
til Præsident. Paa Kista vart sett ei
Sylvplata med denne Innskrifti:

James Abraham Garfield.

Fødd Nov. 19, 1831.
Døyddesom Præsident av dei sambundne
Statar
Sept. 19, 1881.

Heile Amerika syrgde sin staute
Son, Arbeidarguten, som ved Dugleik
og Flit og Manndoms Framferd hadde
arbeidt seg upp til den høgaste og
ærefullaste Stilling paa Jordi. Men
ikkje Amerika aaleine hadde Sorg;
alle Nasjonar, som kjenner og elskar
Kultur, Fridom og Fridoms Æra, syrgde
med. Um dette finn me eit Stykke i
eit norskt Høgreblad,*) som er so
varmt og fagert, at me her vil taka
det inn.

*) Smaalenenes Amtstidende; Stykket er
skrivet af ein norsk Amerikanar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:38 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1881/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free