- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
30

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

&

30

Fedraheimen.

25de Februar 1882-

”Snilde Gut”, sae Fardror, som fyst
vart roleg atte, ”me veit verkeleg ikkje
kosso me skal takka deg.”

”Eg trøng kje nokor Takk”, svara eg

kort. ”Eg kom atte fyr aa byggja
meg — og Sydney.”

”Aa, eg takkar deg”, sae Kjæra-
sten min.

Aa, Gud!” skratta Farbror, ”denna
Guten vert Dauden min; deter eg viss
paa.”

Kva Pokkeren er det, de lær aat
allesaman? spurde eg argt, daa Far-
bror byrja verta purpurraud i Andlite
att, og dei tvo Gjentorne dro seg att-
um Lumedukarne sine.

”Aa, kjære Tom, vert ikkje sinna”
sale Sydney med mjukt Mæle.

«Men kva kann eg til detta?” ropte
eg. Kva er det, som vantar dykk?

«Kan de ikkje vera aalvorslege ein

Augneblink? Eg trur sanneleg denne
Plassen her forderva dykk reint.
Hadde eg visst, kosso eg vilde verta
mottekjen her, skulde eg umraadt meg
tvo Gongjer, fyrr eg kom.”

«Det var so snildt av deg aa for-
lata dit gamansame Skogliv og koma
til oss”, sae Nelly, som lae til Side
Lumedukjen, med ei Uppsyn liksom ho
var ferdug med den.

”Ja” tok Papa Veezey tram-i ”so

svært snildt, men han vardt sakta lei

detta Einbulive, — du saag kje ein
Stakk heile Tidi du var i Skogjen, eg
tore sverja paa det.”

780 kjem du til aa forsverja deg”
svåra eg.

”Kva Slag? Kom det Damor til deg
Tom?” spurde. Sydney, som braatt vart
aalvorsleg.

”Ja der kom ei til meg” svara eg.

”Detta vert morosamt” sae Papa
Veegly. ”Kosso saag den Dama ut,

Gut?”

”Ho var svartleitt.”

Det saag mest ut til at Farbror
vilde faa ei Rid av den umaatelege
Laatten sin atte, men han sto imot,
og kom med eit Spursmaal til:

”Var ho indiansk?”

”Ja.”

”Var ho den einaste, som vitja
deg?”

Ja, det var ho.”

So var der Togn i nokre Minuttar,

for Papa Veezey tok paa seg Brillorne

sine, og tok eit Brev ut or ei Luma’

i sin Frakk, og klara Strupen sin med
eit lydt hem!

”Dette Breve, kjære Tom, er ifraa
Hr. Surry.”

”Aa verkeleg! Og kvenn er so Hr
Surry ?” spurde eg, men med same
Spursmaale var kome ut-um Lipporne,
mintest eg det, og hadde ei Kjensla
liksom Isvatn vart helt ned-etter Rygg-
gjen min; og eg lae braatt til:

Bg hev set Mannen. Kosso kom
han til aa skriva til deg, kjære Far-
bror?”

”Til aa segja Sanningi, so trur han
Du er galen, Tom, og burde stengjast
inn 1 eitt Daarehus. Han segjer du
kom rennande reint andsloppen i Verts-
huse hans ein Dag, og fortalde, at
Skogjen, som Tjelde ditt sto attmed,
var full av fiendslege Indianarar. Og

so hadde du reist, han viste kje kvart.

Etter du hadde reist — men kann henda

eg helder burde lesa Breve fyr deg.”
”Nei, nei. Eg hev slett ikkje Lyst
til aa høyra det. Månnen er eitt

Narr.”

”Som du vil. No, ja, han segjer
det, at han hev fengje Vissa paa, at
ingjen Indianar, fiendsleg hell fredleg,
hev vore høyrd um i denna Parten
av Staten og difor hev den Speiaren,
som du fortalde, du hadde tala med,
vore ei Innbilling av deg. Og han
segjer vidare — —”

Eg kunne kje berga meg lenger.
Eg sette i rasande Hædings-ord mot
den, som hadde skrive Breve, og eg
vilde faa vita kosso Mannen hadde
fengje Greida paa Bustaden aat Far-
bror min.

”Der er noko Fantestell med dette,
men no hev eg sett meg fyre aa koma
til Grunns 1 det.”

”Ja, ja, kann du vita? segjer Far-
bror. ”Kom til Grunns i det, so mykje
vil, men lat meg slutta, lat meg —”

”Nei hellest Takk inkje meir no.
Eg vil faa Greida paa korleis Hr.
Surry fekk vita din Bustad.”

”Kjære Tom, leivde du kje eitkvart
etter deg paa Flukti di? Mannen
segjer, han fann eitt halvferdugt Brev
i Tjelde ditt med Utskrift til meg —
til Hr. James Veezey. So var han so
fri aa skriva til meg, avdi hau var
svært rædd fyr ditt Tilstand. Og so
vilde han gjerna vita, kvart Tye ditt
skulde sendast.

”Han kann senda det til Helvites,
um han vil?” sae eg.

”Vert no ikkje grov, Tom? segjer
Nelly med ein Flir.

Eg gav ho eitt argt Augekast og
tagde.

”Tom”, segjer Sydney med eitt Mæle,
som strakst slo meg, kor mykje det
likna eitt visst anna; ”var der ei In-
dianargjenta i den Fiendflokkjen Hr.
Surry talar um?”

Eg stirde undren paa henne, men
eg svara ikkje, og fraa den Dagjen er
ein Ting som me aldri talar um eg
og Kona mi.

Og det er væl, for det er berre
ved aa faa Skoglive mitt til aa gløy-
mast reint, at me kann vona aa halda
uppe den Freden, sem er so naudsyn-
leg i det ækteskapelege Liv.

Men Nelly, som no er gift med
Charles Howt, er ikkje so tegjall i
dette Stykkje, og det var berre Dagjen
etterpaa, ho gjorde dette suodige
Spursmaale:

”Tom, kosso var Haare til denna
Indianargjenta paa Liten — og Augo ?”

Farbror høyrde ho gjorde dette
Spursmaale, og det hadde nære paa
kosta hans Liv, for han lo, so han
fekk eitt Slag, som han endaa ikkje
er rettugt frisk av.

Eg sjølv skulde ha Lyst til aa
gjera nokre faae Spursmaal, t&. D.
kor lengje Selskape til Farbror hadde
vore paa Sjøkanten, daa eg kom til
dei der, eg um dei ikkje kann henda
kjende til det indre paa ein viss Gard,
som laag tett med Kanten av ein viss
Skog — ikkje til aa tala um ei halv
Tylt andre Spursmaal, som uroar min
Hug og sumtid mest gjere Live til
ei Tyngsl aat meg.

Men eg læt daa vera av visse
Grunnar, og eg held meg ute av Papa
Veezeys Veg so mykje som mogelegt
er, for eg ynskjer ikkje bava Andsvar
fyr hans Daude.

Enno nokre Ord um norske By- og
Bygdenomn.

Me hava fyrr i ymse Smaastykje
talat um, at dei Nomn, som no bru-
kast paa fleire Byar:og paa dei meste
Amtom i Landet, era olagelege og
laake paa fleire Maatar, og me hava
prøvat paa aa setja fram den Meiningi,
at det var best aa taka upp att ymse
gode gamle Nomn paa Byar og Byg-
dar. Me hava synt, at fleire av vaare
lange, tungvinde Bynomn minner oss
um Einvelds-Kongarne, og det um so
mange av deim au, at me hava vondt
aa vita, kvem av deim me kvar Gong
skal tenkja paa. Me hava difyr ynskt.
at me kunde lera os til aa hruka i
mindste nokre av dei gode gamle
Nomn, til Dømes Oslo for Kristiania,
Hallen for Fredriksball o. fl. Lika-
eins hava me ynskt, at me kunde læra
oss til aa bruke betre og lagelegare
Nomn paa Amtom. Me hava sagt,
at det er ikkje lagelegt aa nemna

heile Amtet elder Fylkjet etter ein
Festning eller etter ein Gard. Tala
me til Dømes med nokon av vore

Aalmugsfolk, som ikkje era lerda upp
i mange Bøkar, at ein er fraa Tele-
marki, so vita dei det strakst paa ei
Leid; segje me derimot, at ein er ifraa
Brattsbergs Amt, so vita mange av
dei ingjen Ting. Dette er ikkje godt
og væl.

Men det er enno eit verre Lyte
ved dei weste Nomn paa Amtom, som
no brukast. Lika som vaare lange
Bynomn med dei longe slepande Nomn
paa Kristian og Fredrik minner oss
um Einveldes-Magti; likaeins er det
med dei meste Amtsnomn; dei minner
oss um KEinveldes-Magti og Embets-
Veldi. Det var so, at all Magt dad
skulde samla seg um Embætsmannen;
paa honom skulde alt dragast saman;
alt skulde nemnast etter honom.. Det
minner um den franske Kongen, som
sagde: Staten, det er eg. Åmtmannen;
elder som han vart kallat Lensherrren
i den Tidi, var daa ein dansk Adels-
mann, og han budde daa i ein Fest-
ning elder paa eit Slott der elder paa
ein stor Herre-Gard. Og so skulde
heile Amtet hava Namn etter dein
Bustaden, der han budde. =Soleis
budde Lensherren yver det store Le-
net umkring Oslo paa Akershus Slott:
Heile Lenet vart daa kallat Akershus
Len, sidan Amt. Dette Lenet innehelt
det noverande Akershus Amt (Ro-
merikjes Fylkje) austre og vestre Upp-
land, til 1756, daa Uppland vart
skilt ifraa, og enno noko av Sør-Upp-
land (til 1760). Paa sama Maaten
budde ein slik Lensherre paa Bergen-
hus Slot. Under honom stod daa
Bergenhus Len elder Amt, som i 1763
vart skilt i det søndre og det nordre,
som det no er.

Paa sama Vis budde det au noko
Lensherrar paa Herregardom Buskerud
paa Modum, Bratsberg ved Skien og

Nidarnes ved Arendal, Av desse Her
regardom fekk desse Fylkje Nomn.
No era alle desse Tilhøve vorte annar-
leides. Amtmennarne bur no ikkje len-
ger i desse Festningom, paa Slottom,
elder paa desse Herregardom. Det er
difyr ingjen Grunn til aa halda paa
desse Nomn. Det er mykje betre aa
taka upp att dei gamle Bygdenomn,
so som me hava rødt um i Ne. 5.
Me skal her minna um eit Sidestykkje.
Det var ogso ei Tid, at Lensherren
for Finmarki budde paa Vardøhus
Festning. Daa vart Finmarki kallat
Vardøhus Len. Men sidan, daa Lens-
herren vart flutt derifraa, vart detta
Namnet avlagt og det gamle Namnet
Finmarki teket upp att. Kunna me
ikkje no gjera likaeins med desse
andre Nomn, som era kallade etter
Lensherre-Bustaden? Det bur no
ingjen Lensherre paa Akershus, Ber-
genhus, ingjen paa Buskerud, Brats-

berg eller paa Nidarnes. Kifyr skal
me so lenger kalla Amtir elder Fyl-
kje etter dessa Stader? Det er my-

kje betre og lagelegare aa taka upp
dei gamle Landskaps- elle Bygdenomn.

Me hava set med Fagnad, kvat
den namngjetne Professor Munch skreiv
um slike Ting i ”nyt norsk Tidsskrift.”
Me sjaa, at ein og annan, som skriv
i Landsmaalet, brukar dei norske
Nomn, til Dømes den gjæve Mannen
O. J. Høyem i si Utgaava av Grunn-

logi og nokre fleire. Hald berre ved,

so vil det ganga etter kvart!

Sidan desse Ordi voro mnedskrivne,
heve eg set eit Stykkje, som den sama
duglege Mannen 0. J. Høyem heve
skrivet ogso um By- og Amtsnomn.
Eg er væl 1 det, at denne Mann no
som fyr tenkje i dei meste Lutom,
som eg og fleire um denne Saki.

Naar-han vil halda paa det gjilde-

vælkjende Bynamnet Nidaros, so kann
ingjen hava nokot aa segja beint imot
det. Eg hadde berre sagt, at det
trengdest ikkje aa taka upp att det
istadenfor Trondheim, som ogso er eit
gamalt godt Namn. Det er stor Skil-

nad millom det og det Namnet, som

er kommet istadenfor det gamle Nam-
net Oslo. Men eg kann gaa fullt med
paa dei Grunnar, som H. legger fram
for, at Nidaros er det beste Namnet
paa Staden ved Nidelvi. H. heve brugt
Borgesyssel um Smaalenes Amt. Men
Austfold er betre, daa det er stuttere
og høver best som Motsetning til Vest-
fold. Eg vonar, at.H. vil vera sams
med meg um det; Borgesyssel, etter
Borg, kunde høva godt, so lengi Borg
elder Sarpsborg var den einaste elder
den største Staden 1 Bygdelaget.
Men det er det ikkje no lenger. Eg
kann ogso vera. med paa det, at det

er mykjet, som talar for aa taka upp,

att det gamle Haalogaland. Nord-
land kunde vera godt nog; men det.
gjev deim, som era ukjende der, den
Tanken, at det er det nørste Fylkje i
Landet. Men no er det ogso noko der
nordanfyr. Men det gamle Haalogaland
var um Lag det sama som .no heile
Tromsø Stift, so nær som Finnmarki,
og daa Senja ikkje er noko godt Fyl-
kjesnamn, og daa Senja var ein av dei

metaste Bygdom i det gamle Haaloga-

land, kunde det kannhende vera best

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free