- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
84

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

I prestegarden 84

i elden. Ein kveld greidde Kold ut storsynet sitt paa
manna-ætti — som han hadde fraa Grundtvig. Han sa at kvar tid
hev si uppgaava aa løysa, og kvart folk si gjerning aa gjera,
til gagn for det heile, for det som Gud vil ha fram. Soleis
hev det vore og soleis er det den dag i dag. Ikkje berre med
jødefolket ein gong langt atti tidi. Nei kvart folk hev sitt kall.

Straks fyrr hadde Kold tala hardt um tysken.

So spør svensken, med ein smil:

»De Kold, seg meg: Kva trur De tyskarane hev aa gjera
her i verdi — kva uppgaava hev dei aa løysa?»

»Det skal eg segja Dykk,» sa Kold; »høyr so her:

Det var ein gong ein stor, lærd tankemeister som skulde
halda ein tale til folket sitt.

Fyrst bygde han ein talarstol. Og den gjorde han av
svine-blaasor — fyllte med luft! Det vart ein høg pyramide. Øvst
uppaa la han den aller største; der skulde han staa sjølv.

So stræva han seg upp. Endeleg stod han paa toppen.
Og so kom talen:

»Her — sa den lærde dokteren — ser de toppen — og
’—ansen og kruna paa alt som menneskja hev tenkt og sagt
’S gjort sidan Adam var skapt. Aldri hev nokon vore høgre,
og aldri kann nokon koma høgre so lenge verdi stend. Og
utanfor her finst ingen tanke som duger, og ingen fast grunn
aa byggja paa eller staa paa» . . .

Men best dokteren driv paa og talar der høgt uppe, hev
ein liten smaagut smotte upp etter pyramiden og stukke hol
paa alle blaasorne med ei — knappnaal. Og so kjem lufti
ut, kvinande og skrikande, so talaren paa toppen misser maalet.
Pyramiden ramlar . . .

Og der kjem den lærde dokteren kast i kast nedetter
millom blaasorne! Og folket ropar hurra!

— So gjer tysken i vaar tid,» segjer Kold.

«Eit syrgjelegt kall,» smilte den svenske magisteren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free