- Project Runeberg -  Jesus Messias /
77

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gode i ’n hev Framgang. Og er Løn den gode
Fylgdi av rett Ferd, so er Straff den laake
Fylgdi av Misferd; etter Sogo um Saamannen
visnar dei gagnlause som Saakorn paa
Stein-grunn eller kjem paa annan Maate burt;
faa-fengt vert alt deira Tilvære.

Men Fylgdine av Gjerningom vaare rekk
ut yvi dette Live; her som elles fylgde Jesus
Skriftlærdomen i si Tid.

Fraa fyssto hadde Israel ikkje visst um
anna etter Dauden enn ein Naaheim (Scheol);
denne var, som hjaa andre Folk i tidleg Tid,
ein Skuggeheim utan Liv; han vert og ofte
kalla Naaheimen (1 Mos. 37: 35; 44: 29,
31; 4 Mos. 16: 30). Scheol er i
Gamletestamente tenkt som ein Myrkheim, eit Skuggeland
(Job. 10: 21); det vert kalla “Stilla" [(Salm.
115: 17), „Avgrunnen", „Myrkre",
„Gløyme-lande" (Salm. 88: 12, 13); der er „korkje
Gjerning eller Yit eller Visdom i Naaheimen“
(Preikaren 9: 10). Gode som vonde fer dit
naar dei døyr(Job. 30:23). Og i Dauden er der
inkje Minne um Gud; „kven vil prise deg i
Helheimen?" (Salm. 6: 61).

1 I Bibelumsetjingane fyrr vart „Helvite" fraa det
nye Testamente innsett i det gamle all Stad der det
nokorleis kunde høve; men no hev dei retta dette. I
N. T. skal dei og heretter vilja haide seg til
Grunn-teksti.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free