- Project Runeberg -  Jesus Messias /
80

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kjend rettferdig, og etter dine Ord skal du verte
domfeld" (Mt. 12: 371).

Naar Messiasrike kjem, skal dei rettferdige
stande upp (Lk. 14: 14; 20: 35, 36; 1 Kor.
15: 22—28; Opb. 20: 4, 51 2); so kjem den
fysste Domen (Mt. 24: 30, 31 ; Opb. 20: 4). Dei
uppstadne rettferdige gjeng, saman med dei
utvalde som daa liver, inn i Rike (Mt. 24: 31,
37—43; 1 Tess. 4: 16); og ved Messiasstyre
i denne Heimsalderen („Tusundaarsrike", Opb.
20: 2, 3) vert Mannaheimen lagd heilt under
Gud (smf. Opb. 21: 1—4). So kjem den siste
Domen (Mt. 25: 31—46; Opb. 20: 12); og
naar den er haldin, og alt vondt utreinska fraa
Jordi, so dei fysste Ting er burtfarne og alt
hev vorti ny tt (Opb. 21:4, 5), daa hev dei
rettferdige vunni den heile Sæla; Gudsrike,
Himil-rike er fullkomi.

Og fysst ved denne siste Domen er det at
det vert Tale um Gehenna, den store
Reinskings-elden; sjaa Mt. 25: 41 og Opb. 19: 20; 20:
10, 14, 15.

Gehenna-Tanken er ukjend i det gamle
Testamente; han kom ikkje upp fyrr etter
Babylontidi. Namne er jordiskt nok; Ge(h)enna,

1 Kyrkjebibelen umsét: „etter dine Ord skal du verte
fo rdømd.“

2 Hjaa Lukas ,(20: 35) er berre ei Uppstödu
nemnd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free