- Project Runeberg -  Jesus Messias /
145

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kom „Guds Son“ upp; og denne Nemningi
vart tolka meir og meir etter heidin
Tenkje-maate. Naar Kristus var Son av Gud, so var
han sjølv Gud; og stod det ikkje beint fram:
Orde var Gud?

Kyrkjelæra um Heimsfrelsa drog paa same
Leid; eit Menneskje kunde ikkje ha frelst
Verdi. Og ikkje en Halvgud heller, hev dei
heidningkristne meir og meir tenkt.
Skilningane hev elles ikkje vori klaare; „Gud“,
„Halvgud", „guddomslegt Menneskje" gieid lett um
og i kvarandre; Kongar og Keisarar hadde so
tidt vori Gudar; Keisaren i Rom var Gud rett
som det var. Og skulde ikkje Guds Son,
Heimsfrelsaren, Orde som var hjaa Gud og
var Gud, — skulde ikkje Kristus vera likso
stor som Keisaren?1

Fleirgud-Turvti hev vaksi med
Heidning-kyrkja; Gudssonen hev vorti Gud for fleire
og fleire. At han hadde døytt gjorde ikkje
noko, naar han var stadin upp att; ja det at
han hadde vunni paa Dauden, sjølv hadde sett
Live sitt til og sjølv teki det att (Joh. 10: 18),
viste nettupp at han var Gud; Jesu Guddom

1 Kor lett det kunde vera aa naa Guddomshøgd i
den gamle Verdi ser me t. D. av Apg. 14: 11, 12, der
Paulus og Barnabas vert Hermes og Sevs, og Presten for
Sevs-hove fører fram Uksar og Kransar til Bioting; sjaa
og Apg. 28: 6.

10 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free