- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
88

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

88

du til?» spurde ein. «Jeg nevner ikke navn!» ropa han.
Men adressa var tydeleg. Tonen var høgstilt, næraste
brøl. «Das war eine grausame Salbe,» sa eg då han var
ferdig. «Ja, men det er sant /» brølte han. Likevel gjorde
han beint fram lukka på dette prestemøtet. Det var ei
uppkoma av livs-mod og livs-kraft!

Han elska fjell-viddene, kunde skildra høgfjellet med
diktar-flog. Kvar haust tok han fjell-ferder, der han fann
seg heime som auren i vatnet. Det er vedkjømelegt at
ei fjell-ferd i 1930 vart hans bane. Han fekk ein mage-

sjukdom som på eit halvt år enda dagane hans.

#

Gamle Olafsen, bror hans, levde sin alder ut. Han
var åndsfrisk og arbeidsfør til det siste, eit paradigma på
evig yngd. I sitt 89de år tok han ein augne-operasjon
so han skulde få syns-evna heil til bokgransking og
bok-skriving. Men hjarta tolde det ikkje, han slokna der på
klinikken.

Mange bøker fekk han gjeva ut. Serleg vil
bygdebøkene hans leva i minnet: Ullensvang, Ulvik, Kvam,
Voss, Veøy.

Andre minne lever etter han i hermer og risper.
Legendar spann seg kring Olafsen. Han var so lettvinn
og fjørall både i sjel og kropp at folk trudde dei utrulegaste
segnene um han.

Dei fortalde at han og dr. Garman Anderssen på
rundtur til å reisa Krossvoll-bygget hadde drukke seg
fulle, at dokteren kom uppøst på Olafsens kontor: vet
du hvad de sier, Olafsen? de sier at vi drakk oss fulle
burtpå Jåstad ? og at Olafsen svara: ja, gjorde vi ikke
det da? Dokteren sa til meg at det heile var uppdikta.
Men folk totte det kunde høvt at Olafsen hadde sagt so.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free