- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
114

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ii4

fekk soleis ein vond karakter. Den fredlege Ole C. Iversen,
som var kst. biskop i Bjørgvin, skreiv kvast imot Hallesby:
«Wergeland er langt frå å vera nokon kjettar, det er ei
usann og urettferdig skulding. Og me hev kje bruk for
Hallesbys pavevelde når me skal velja vår biskop.»

Samstundes fekk Iversen segja eit varmt ord um rektor
Peter Marstrander, styr aren av det prakt.-teol. seminar
ved Universitetet; han var nemleg ogso forkjetra av
Hallesby. Iversen kan fortelja at kandidatar som hadde vore
elevar av Marstrander, hadde vitna um avgjerande kristen
påverknad frå sin kjære lærår. Jau, Marstrander kunde
vorte ein god bisp han og.

Riksstyret gjekk heilt utanum, og utnemnde Andreas
Fleischer, som lite hadde vore nemnd, og som hadde
langt færre røyster. Det gode var at Fleischer gjekk i
fotefari til Hognestad og nytta norskt mål skriftleg og
munnleg, og greidde det so bra at me kunde vera vel
nøgde.

Skagestad vart seinare bisp i Stavanger. Han er ein

hovding som ruvar høgt yver dei hine.

#

Det var all æra verdt at Hallesby og Wisløff vakte
yver bispestolane. Men fylkingen som dilta etter dei, var
ikkje alltid nøgde med vaiet. På eit kyrkjemøte i Nidaros
sa ein av trønderhovdingane: vi æ it nøgd me dei
bispe-emne Wisløff peika ut åt oss; men vi er vel nøydde te
å stem på deim. Men so fekk dei biskop Støren i Hålogaland
til å søkja Nidaros bispe-embete!

Til Nidarosbisp i 1929 røysta eg på Anders Hovden.

Eg skreiv ei lang grunngjeving: han var vel verd eit
bispe-embete for salmane sine. Eg peika på kor
salme-diktarane i Danmark hadde fenge bispe-vyrdnad til takk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free