- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
37

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - b. Eldre nynorsk, maalføretidi (1625—1850)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)



b. Eldre nynorsk, maalføretidi (1625— 1850).

Fraa fyrstningi av det 17de hundr. er der merke
til betre tider med noko uppgang i
næringsvegjerne i Norig. Og trass i alt det hefte me hadde
av sambandet med Danmark, varde denne
framgangen ved, og modet hjaa folket tok til aa vakna.
Me var likevel for veike og spake til aa hindra
at dansken betala tapi sine i svenskekrigarne med
norske landsluter Herjedalen og Jamteland (1645)
og Bohuslen (1660). Men daa det i 1814 truga
med at heile landet skulde fara same uferdi, reiste
folket seg, og var sterkt nok til aa vinna att
politisk sjølvstende og fridom. Men i den heite
striden skildest me med skyldfolki vaare paa Island
og Færøyarne, og med Grønland.

Etter 1814 vart det betre dagar for landet,
og sidan hev det gjenge munaleg fram paa alle
kantar.

Det danske bokriket voks sterkt i dette bilet,
mest i det 18de og 19de hundr. Nordmenner
hjelpte godt til; me nemner: Petter Dass († 1708).
Ludvig Holberg († 1754), Tullin, Johan Herman
Wessel
, Johan Nordal Brun, Claus Frimann,
Jens Zetlitz. Det bokriket som desse og andre
nordmenner saman med danskarne bygde upp i
dansketidi til 1814, vert gjerne kalla
fællesliteraturen (sambokriket).

For dei fleste norske bokskrivarar i denne tidi
var rein dansk det mynstret dei fylgde og vilde
fylgja til burtimot 1814. Eit undantak var Petter
Dass
, som ofte sprengde den danske bunaden, og
stundom endaa skreiv reint Nordlands-maalføre.
For dei fleste andre, ogso for Holberg, var rein
dansk
eit so ovgildt mynster at det er berre av
vanvare dei kjem med noko norsk, naar talen
nettupp er um Norig og norske ting; i dei fyrste

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 18:04:51 2021 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/maalsoga/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free