- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
60

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

60

lære og han hadde alt tent so gode pengar og lagt
seg so mykje upp i den framande bygdi at han
kjøpte attende Kvareteig-garden og tok far sin til
seg og gav honom kår på garden, so han levde
sutelaust heime på odelsgarden på sine gamle dagar.

Skreddaren gifte seg og fekk ein son, som tok
garden etter han. Sonesonen som ogso tok garden
i odel og eige vart over hundra år gamal. Soneso-
nen hans atter sit no som gamal kårmann på
Kvareteig. (1891).

KR

Sunnator Kvareteig-husi står det ei stor bjørk
som er over hundra år gamal, denne kallast Kvare-
teigbruri, fordi ho er planta av ei brur på brud-
laupsdagen hennar. Fram etter åri har mange vitja
«Kvareteig-bruri» og unge kvinnor plar taka lauv-
duskar av henne og vinde um hovudet.

Det er ikkje fritt for det går den trui at lauv av
Kvareteigbruri gjev lykke til kjærleik og brudlaup
og heim saman med han — han gjenta so vel veit
kven er, men som ho ikkje vil segja til nokon, utan
kan henda til mor.

Tukka seg — drog seg, flytja seg.

ATTERGANGARAR PÅ ÅL KYRKJEGARD

På Håkonsgard i Leveld var det for lang tid sea
ei gjente som var illgjeten over mange bygdar for
livet ho førde. Ho fekk jamt lausingsborn, dreiv
med heimebrenning, selde og drakk brennevin og
hadde so å segja biti hovudet av all skam.

Ein gong gav ho ei fire år gamal smågjente si
So mykje brennevin at barnet døydde av det.

Umsider døydde ogso mori, og ei natt trast etter

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free