- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
62

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

karane fekk slege leggbeinet tvert av, av ein stor
stein som råka han. Elles var sigeren ikkje so av-
gjort for nokon av partane at det var klårt kven
som skulde hava Vestlii etter sjøslaget og det vart
søksmål, som vatsingane vann. Nosingane måtte
røme Vatsfjorden med båtane sine og mest heile
Vestlii vart tilkjend vatsingane, berre eit ryfte av
åshellingi øvst uppe fekk nosingane.

Ryfte — strimmel.

HENDRIK BERG

Hendrik Berg i Nordrevats var på stølen, og
låg um natti i ei lu (høyløde). Veggene var so
gistne at han såg koss månen lyste over fjelltin-
dane. Då han vel var somna, var det som nokon
kom og la seg over han so han inkje kunde røre:
på seg. Medan han låg slik og var heiltupp vak,
høyrde han ein overlag ven slått, som han kunde
då han vakha um morgonen.

YNGVAR OLEIVSGARD

Yngvar Oleivsgard i Leveld trudde ikkje på hau-
gafolk. Ein gong ut på hausten var han og ein
tenestguten hans wuppi fjellet, på Breastølen, og
reiv brisk til stølsved for næste sumar. Um notti
skulde dei ligge på stølen. Då dei hadde lagt seg,
skråla og lo Oleivsgarden. Tenestguten sa, at han
måtte ikkje våla slik, haugafolket vilde hava ro

um kvelden. — «Det finst inkje haugafolk til», sa
Oleivsgard’n, banna og sparka og slo i seng og
veggjer. — Jau, takk skal du ha! — der visste han

ikkje ordet av fyrr buadøri vart rivi upp og båe
vart hivde or sengine og ut i snøhaugen utan for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free