- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
63

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

63

stølsbui. Døri stod opi, det loga eit friskt bål på
peisen og på golvet svinga karar og kvinnfolk seg i
dansen so gleda stod høgt i taket. «Å matskreppa
mi då!» ropte Oleivsgard’n, for han var bangen for
nista. Kvelden etter heldt karane seg kurr still i
bui, då fornam dei ingen ting umframt.

Fornam — la merke til.

LARS BRATTEGARD.

Lars Brattegard var stortjuv, kjellaren heime
hjå han var fullpakka av tjuvegods. Det stod ikkje
lås for han — inn kom han kor han vilde. Når
det gjekk for vidt samla vatsingane seg på Brat-
tegard, fanga han, batt han med reip og førde han
med seg rundt alle lier slik at han kunde peika på
kor han hadde gøymt alt han hadde stole. Nokon
fekk sitt att i kjellaren på Brattegard, andre i
steinrøysar og bergrevner. Stundom laug han og
narra han dei som køyrde med han slik — det kunde
slumpa at det ikkje var boset å finna der han
hadde sagt han hadde ei gøymsle. Då vart han
risa på berre kroppen og so bar det avgarde att
på ny frisk, han måtte gjera greia for seg. Til
sist bars det til Amerika med han.

PARFOLKI I BRATTEGARDSPLASSEN

Ovanfor Øvre Brattegard i Sørevats var det ein
gong ein husmannsplass. Husmannen heitte Tore,
kva kona heitte hugsar ingen, endå ho var vidgje-
ten i samtidi og ettertidi for latskapen sin.

Ein gong sat ho og vermde seg på føtane ved
peisen. Tore sat der og. Rett som det var spratt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free