- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
194

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

194

att og fram medan han mulla og song. Ei vaksi
gjente der inne rådde Mari til ikkje å stire attende
då ho gjekk. Medan Mari var der høyrde ho tyde-
leg bølingen hennar koma frå beite um kvelden.
Ho høyrde gjætarguten bles i prillarhorn og rauting
av kyrne og bjølleklang, ja ho kjendes jamvel med
kvar einskild kyr på rautingi hennar.

Då ho gjekk att vart det kasta ein eldebrand
etter henne, men ho såg ikkje attende og difor kom
ho seg både vel og bra ut att. Det var kvelden då
ho stod på sætervollen atter.

TURI BRUSLETTO-:

Dersom ei kyr ikkje var krossa med tjyru både
i panna og over juret var ein ikkje trygg for å
få ha henne i fred for haugafolket. Turi Brusletto
i Lio miste ei god kyr på stølen ein sumar, fordi
ho ikkje var krossa. Kyri var burte i 8 dagar.
Dei leita både nær og fjernt etter kyri, men like
nær var dei. So kom den 8. dagen og um morgonen
stod kyri nokso spak utanfor buaveggen. Men det
var ikkje råd å få meir mjølk av kyri her etter
dags, ho vart vorten reint trolla.

EIN HULDRESLÅATT

Ein gong sat det tri huldrekjæringar på kvar sin
fjellknatt i Hallingdal og tralla til kvarandre. Dei
helsa kvarandre på denne vis, må tru, for dei var
slike godvener.

Ei smågjente som gjætte i nærleiken av den eine
av desse haugakjæringane og hadde langeleik med
seg der i fjellet, lærde seg å spela denne trallen og
sea heldt slåtten seg lenge i Hallingdal. Enno er
det ei gamal kjæring på Ton i Nesgjeld som spelar
han på langeleik.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0198.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free