- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
83

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

saafremt ingen forvexlinger derved opstaar». Det skulde
vera forbode — fyreslo han — for panteboksførarar og
rettsskrivarar aa visa attende fraa tinglesing og rettleg
handsaming elles dokument som var skrivne paa
bygdemaal og landsmaal. Og dessutan skulde det vera forbode
aa gjera dokumenti ugilde, kva maalform dei so elles var
i, for di um person- og stadnamn var brukte i norske
landsmaalsformer.

Det var soleis eit lovfest paabod til rettstenarar um aa
skriva namn paa norsk — «saavidt mulig» —, som Høyem
vilde ha fram; og der skulde vera lovfest trygd for
kvarmann som vilde bruka namni i norske landsmaalsformer.

Lars Liestøl tok upp framlegget. Han var ikkje plent
samd i formi som det hadde fenge, skreiv han. «Men da
sagen er af den beskaffenhed, at den paakræver
opmærksomhed, vedtager jeg forslaget til fremsættelse.»

Framlegget kom ikkje for aalvor upp som serskild sak i
Stortinget. Men det vart nemnt og teke med i grunngjevingi
for den tilraadingi som Kyrkjenemndi gav um
maaljamstellingi i mai 1885. Kyrkjenemndi gav tanken i framlegget
medhald. Og ho sagde ifraa at det var meiningi hennar
at ved dei raadgjerder som ho raadde til, skulde «være
sikret, hvad der tilstræbes ved hr. Høyems forslag, og
afværget enhver mulig gjentagelse af slige, forhaabentlig
enestaaende chikanerier, hvorpaa deri leveres et exempel
instar omnium til advarsel.»

Jamstellingsframlegget vart vedteke som me veit, den
12. mai 1885. I det laag daa ogso røynleg ei serskild
uppmoding til riksstyret um aa stydja og hjelpa fram det
norske i namneverket. Og der laag i det, at Stortinget
godkjende paa nytt dei principp som det hadde godkjent daa
det hadde namnesaki og matrikkelkommissjonen fyre seg
i 1878.[1] For kommissjonen kunde ikkje det vera u-ansande.

— Matrikkelkommissjonen tok arbeidet sitt ovende
baade grundigt og metodisk. I tilraadingi til


[1] Stort.-forhl. 1885 5 d. dok. nr. 78; 6. d. a, s. 353; 6 d. b, s. 56. 7 d.,
s. 92.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free