- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
131

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXII. Eit nytt skipsvrak

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


XXII.

Eit nytt skipsvrak.



Det var den 16de mai aaret etter han
hadde sét villmennerne. Det var fælt uver
og storm og torebrak heile dagen, og um
natti etterpaa var det endaa verre; det var
slik duning og brak at Robinson ikkje fekk
sova. Han stod sistpaa upp og sette seg til aa
lesa i bibelen. So høyrde han med ein gong
ein smell av eit skot som han tykte kom utan
fraa sjøen. Han vart baade skræmd og for
bina og sprang ut og kleiv upp paa berg
toppen uppyver. Daa saag han eit ljosblink
av eit skot til, og litegrand etter høyrde han
smellen. Det maatte vera naudskot fraa eit
skip som dreiv under land, liksom det han
sjølv ein gong hadde vore med paa. Han
kunde ingi hjelp gjera og stod der raadlaus
og berre stirde ut i myrkret. Men so kom
han til aa tenkja paa noko anna: kunde ikkje
han hjelpa skipet, so kanskje skipet kunde
hjelpa honom, dersom det berga seg og skips
folki fekk vita at han var her? Han skunda
seg ned etter ved og kveikte upp eit baal
uppaa høgdi. Det loga snart høgt i veret,
og straks etter høyrde han endaa nokre skot.
Dei kom utanfraa havet der han sjølv ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free