- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
13

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ordlæra - Namnordi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Sume ord hev i talen alltid samme formi, og
vert difor kalla ubøygjelege.

Merkn. Namnord, eigenskapsord, pronomen, (talord),
kjenneord og gjerningsord er bøygjelege, dei andre ordklasser
er ubøygjelege.

Namnordi.


§ 41. Namnordi kløyver seg i tri flokkar
etter sitt kyn:

1. Mannkynsord er dei som me kann setja
han i staden for, og ein framfor: ein
mann, ein staur.


2. Kvendkynsord er dei som me kann
setja ho i staden for, og ei framfor: ei
kona, ei skaal.


3. Inkjekynsord er dei som me set det i
staden for, og eit framfor: eit dyr, eit hus.

§ 42. Namnordi hev tvo talformer, ei for
eintal (dag, visa) og ei for fleirtal (dagar, visor).
I kvart tal er der tvo skiljeformer: ei ubundi
(uavmerkt) form (dag, visa; dagar, visor) og ei
bundi (avmerkt) form (dagen, visa; dagarne,
visorne).


Merkn. Serskilde kasus (fall, bøygningsfall) er ikkje
gjenomførde i landsmaalet. Ein bunden dativ (sidefall) i
eintal og fleirtal er fulla mykje i bruk i sume maalføre, mest
austanfjells og i Trøndelag og paa Nordvestlandet; men mange
maalføre i alle landsluter hev ikkje dativ, og landsmaalet
rettar seg i dette stykke etter desse. Likevel hev den
lettvinte dativform i fleirtal, som i alle ord endar paa om (fraa
bygdom = fraa bygderne)
vore ikkje so lite nytta i skrift,
men er som dativ i det heile ikkje naudsynleg. Genitiv
(eigefall) i ubundi form i eintal og fleirtal er mest ikkje
brukande utanum samansetningar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free