- Project Runeberg -  Nylænde : tidsskrift udgivet af Norsk kvindesagsforening / 10. aarg. 1896 /
75

(1887)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - No. 6. 15de marts - Den gamle og den nye kvinna (Aadel Gjøstein)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sjeldan spurde han henne tilraads; men hænde det eingong og ho
meinte annorleids, vyrde han det gjerne ikkje. Difyr vart ho jamt
baade vond og hard og ikkje ræd fyr driva sit underspel.
Ho var eingong og eit menneskje med længslor og fyremaal.
Men besst som blomen stod vænast i knup, kom ækteskapet med
støypeskeidi, og ho lærde og sampa seg etter ein hardbalen skolt, som
ikkje gav gaum etter kvinne-vilje. Kunde ho ikkje ala ein bite av seg
sjølv i kjøken og kjellar, gjekk ho under still og kyrr med tru paa
livsens lagnad.
Soleids hev baade liv og dikt vist oss henne, liti oggraa*ei eiegod
sjæl, som ikkje frit kunde vera korkje varm elder kald, men hev lorrat
og lirkat og funnet seg tilrettes med det.
Daa dotteri vaks upp og det same ventad henne, tok modri henne
inn i stova, fortalde um vegen, som var aa gaa og um maaten aa
gaa han tilendes paa. Men ein stormfull dag, daa modri talad og
dotteri lydde, sprængde ei fjukande flaga døri paa vægg, det kjendest
so frit som um væggen flyttad seg. Ein ljoske lorrad seg inn glaset.
Han gav korkje ljos elder varme nok — men krokvegar og smaalygn
var styggelig stygge. Og dotteri furde paa, um ikkje storvegen var
den besste. Ho klyngde seg til sanning og kjærleik og vonad, den
vegen vilde bringe æveleg lukka. Heimen skulde vera hennar himmel,
kvar ho kunde frygda seg med sine. Ho kom heil og rein, tænkte
berre paa aa vera sann og god og trudde hennar himmel altid skulde
verta klaar.
Men den vegen, som tek sanning paa ryggen, kan vera lei aa
ganga. „Kunsti aa liva“ var sværare enn ho hadde trudd. Visst
hadde mannen giftad seg med henne, avdi han likad ho besst; men
gjeva avkall paa ungkarsvanor og lata livet vera ei opi bok, kvar kona
kunde lesa tankar og gjerning; — nei det gjekk ikkje, dertil var bladi
for sulkade og ikkje lesnad fyre reine kvinnor. Han misslikad ho
paa alle vis, antan ho so meir var sentimental og idealistisk elder
framfarande i ord og gjerd. I heimen vil han ha fred og ho skal
skyna, at ho er kvinna og ikkje mann. Men vore kvinnor skyner
ikkje sligt paa ei sovori vis. Heimvistet vert ein ørk, ho ikkje held
ut aa liva i. Det gjælder aa finna ein veg, der kann sløkkja graat og
sut, ein veg, der augo kann smila og munnen skratta, um hjartat
stend i graat. So kjem selskap og kaffi-slabberas, basarar og missjoner,
kjenslor og fyremaal svævest inn, og den skytunge himmel lyses upp
med bengalsk eld.
Den unge kvinna, som gjekk til ækteskapet med von og varme,
er vorti vanntru. Det berre plukkad henne, og att sitter ho og græmjer
seg yver sine svikne voner.
Nylacndf, 15de marts 1S96. 75

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:40:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nylaende/1896/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free