- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
118

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— IIS —

ein rus, gjekk det altid so stilt av. Han drakk
fyrr og, men me kom daa altid so godt utav det
for det. No, naar han fyller seg, er han reint
galen og var tilfreds han fekk trakka folk under
seg. Her um dagen slog han kloi i haaret paa
meg, so eg nær ikkje hadde sloppe fraa han. Og
ho fyrkja er verre en ormen. Eg veit ikkje kor
jordi kan vilje bera slikt eit eitre-kryp.

Aksinja. Ja det er rett synd i deg, stakkars
kone. Kven kan vei tola sodant? Slik ei
skamløyse ! Du hev teke han i huset for sælebot, og
no skal han ha deg til narr for umaken. Men eg
veit helder ikkje kor det er vore, at du ikkje kan
halda fyren i tøyme noko so nær.

Anisja. Aa du kjære sjæl, det er ikkje raad
med meg; hjarta ligg til han kva han so gjer.
Um nokon var streng, so var det fyremannen
min, Gud have sjæli; men eg gjorde daa likevæl
nett som eg vilde, og det var altid eg som sa
kvar skaapet skulde staa. Her kan eg det ikkje.
Berre eg ser han, er det som all harm braanar.
Eg kjem meg ikkje til noko, men gjeng berre
trippar som ei vaat høne.

Aksinja. Anisja! det kan ikkje anna vera,
en at du maa vera forheksa. Dei seier Matrøna
driv med slikt. Det er plent ho.

Anisja. Ein skulde mest tru det. So
krenkjande det kan vera til sine tider. Eg synest, at
eg gjerne kunne riva augo ut paa han; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free