Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Natur og folkeliv - 12. Morshjarta. Av Hans Seland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
du, mor, naar me vert gamle!» log Salve daa Signe las
det. «Ja det skal du berre sjaa!» ineinte Tora. «Korleis
meiner du det vert aa sitja paa stas?» gantast lian og
kleip henne i kinni.
Ho slo smilande etter handi hans og stirde inn i
lukkelege tankar.
— So stod Ola i døri ein haustdag, stor og brun og
velklædd og vakker, med dei same straalande augo som
fyrr. Han log godt til faren og til mori daa han saag
kor fjetra og underlege dei stod. «Well, det er Ola! No
er eg heime att!» — <0g Gud skje lov for det!» sa faren
og gav han handi, med taarorne sprang.
«Velkomen!» kviskra mori; vaate augo hadde ho og;
ho var bljug og byrg samstundes,
Ola helsa paa Anna, som var næst etter Signe. Steinar,
den næstminste, hadde tøygt seg svært i desse aari, men
vesle Tora stod berre og kopte. So spurde han etter Signe.
Ho var hjaa faster og hjelpte henne med aa vaska
klæde, fortalde mori. >Men eg tenkjer ho skal verta
yvergjevi naai’ ho fær sjaa att deg!» — «Men kom ikkje
du framum der?» spurde ho straks etter. «Nei,» log Ola.
*Kva veg kom du daa?» For ho visste det hadde kje
vore praam i Vassenden. «Fg gjekk paa austsida,» sa han.
< Inn urdi, og so klauv eg upp i Litle to. — Og so visste
eg eg kom fram. Eg hadde klive der ein gong fyrr!»
Dei riste paa hovudet, baade mori og faren, «Ris var
du verd! — Ei dugeleg dengsla!» Men dei laut smila
likevel, so gale det var. Og so sansa mori paa at han visst
var baade svolten og tyrst.
— Ho kjende seg halvt som ho skjemdest, daa fio
takka Vaarherre um kvelden, av di guten kunde vera so
v yr dl ans, endaa no han hadde betre vit. Sveiv det so fyre
henne, at han hadde daa reint som ein siger med seg i alt
han tok seg fyre, den etore velsigna Ola-guten hennar.
Hans Seland.
Gan tast: fjase, erte, skjemte. — Well (engelsk): -vel, godt. —
Samstundes: paa samme tid. — Kopa: stirre. — Vyrdlans: uvøren.
— Siper: seier, held.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>