Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV. Natur og folkeliv. Digtning - 38. Berre ein hund. Av Per Sivle. Med to tegn. av Elisabeth Sinding
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg um honom. Han fylgde med heim. — Daa me kom inn
i stova, var det som hau livna upp; hau flaug mot
nystove-<lori, gøyde og gnistra, og gav seg inkje fyrr han slapp
inn. Han snusa og leita romet rundt fleire gonger. Dermed
var det liksom han seig ihop att, og so gjekk han sin veg.
•Men so gjev daa stakars dyret noko aa liva av!» sa eg.
«So lag til graut og mjølk aat honom i koppen hans
Passupp, du,» svara far.
«Men — eg er rædd hau ikkje vil ha det.»
«Ja so fær han eta den maten han sjolv hev, daa,»
meinte gamlen. «Me hev kje raad aa gjera større krus
med honom. Men er han svolten, gjeng det nok ned.»
Mjolki var sur som brim, og den sleipe koppen lukta
verre enn ille. Inkje fyrr hadde lian snusa til det, fyrr
han snudde seg ifraa og saag tipp paa meg, med eit
augne-kast som vilde han spyr ja um det kunde vera meiningi mi
han skulde eta so ufysen mat. Men eg hadde kje betre aa
bjoda, eg, raadlaus som eg stod med graaten i halsen.
Bndeleg freista han med eit par bitar, gjekk der-etter burt
og ringla seg ihop paa golvet ved peisen.
Det var mi største umsut, i dei fire fem vikorne som
no gjekk, aa finna mat aat han Hall. Sjølv skifte eg no
alltid trufast med honom, og fekk stundom tigga laust
eit-kvart kjotbeiuet, og daa han dertil, som det leid, laut venja
seg aa taka til takke med graut, vart det endaa so han
berga seg. Men han var inkje den staute sjolv byrge
karen han fyrr hadde vore. Han gjekk der og drog seg
som ein skugge og let seg lita med noko so nær alt. TJm
han vart sneist, so berre smatt lian undan og heldt seg or
vegen so godt han kunde. Sjolv han Passupp, den kroken,
vart smaatt um senn so modig at han vaaga seg til aa retta
rova i véret og bysta seg naar han gjekk frain-um honom.
2. Paa auksjon.
Det leid paa lag ein maanad; so kom lensmannen o<*
O
las upp at eignaluterne etter engelsmannen skulde seljast
lirira eller 1> r i m: primost. — Ufysen: motbydelig. — Umsut:
omsorg, bekymring. — Sjolvbyrg: slolt. — Lita seg: sinn sig til tnals.
— Sneisil: ni vomlord. — Bysta seg: reise bustene.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>