- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
141

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Fra verdenshistorien - 45. Ei ferd til Attila. Av H. Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daa sendemennerne kom nord-etter fram-imot Donau,
var landet der reint audt; byarne var uppbrende, og ut
yver markeme laag det lange rader med bleike mannebein
etter ufredame. Nordanfor Donau var dei i huneriket, og
alt den andre dagen naadde dei fram til ein haug der dei
saag ned paa lægeret aat Attila. Dei heldt alt paa og
skulde setja upp telti sine der, dåa kom det ein flokk hunar
ridande upp til deim i strjukande fart med spjot i nevarne,
•og spurde um dei vaaga seg til aa setja telti sine uppaa
haugen naar Attila hadde sitt nedpaa sletta.
Sendemennerne hadde seg daa straks ned, dei og, og sette telti sine
der som dei vart tilsagde.

Tvo dagar etter fekk dei lov aa treda fram for Attila
i teltet hans; han sat paa ein trebenk og tok imot deim.
Han var ein liten, breidbygd kar, med stort hovud; augo
var smaae og laag djupt, nasen var flat, og paa kinnerne
hadde han berre nokre faae skjeggstubbar. Han heldt
nakken noko bakboygd, og augo hans gjekk kvast til alle
sidor. Han var fæl aa sjaa naar han vart sint.

Ordføraren for sendemennerne helsa: «Keisaren ynskjer
du maa liva heil og sæl!» — «Gjev det maa gaa romarane
so som dei ynskjer meg det!» svara berre Attila. So snudde
lian seg til den eine av sendemennerne. «Ditt skamlause
beist,» ropa han, «som vaagar deg til aa koma hit! Du veit
daa vel den avtala som er gjord, at eg inkje tek imot
nokon utsending fraa keisaren so lenge det finst ein einaste
røming fraa landet mitt i romarriket?» Sendemannen svara
at no kom dei nett med dei siste rømingame dei hadde
kunna finna. Daa fauk Attila upp: «Aa, eg skulde straks
paa timen hengja deg upp paa krossen og gjeva deg til
føda for ræfuglame for denne ly gni di, so sant eg inkje
hadde vyrdnad for sendemannsretten.» So lét han ein tenar
lesa upp ei lang lista paa rømingar som endaa var i
romarriket. «Eg vil inkje ha,» sa han til slutt, «at trælarne
mine skal bera vaapn imot meg, um dei so ingen skade
kann gjera meg. Dei kann inkje halda ein by eller ei borg
imot meg naar eg vil taka eller øydeleggja den. Men far
du straks heim att, og kom og meld meg um romarane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free