Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Natur og folkeliv. Digtning - 91. Brurferd i Telemarki. Av Vetle Vislie
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei sit og biar eit bii; so syner det seg ein mann
upp-med husi paa Haatveit. Han evar seg ikkje lenge, men
set i veg ned yver bratte reina. So huker han seg saman
og set ut yver vedbrauti, retter seg upp att som ei staalfjør
. . . og so ned-yver, med boilen framfyre sig.
Forbisna sit dei og ser paa; kvendi reiser seg halvt
upp, og sume av gjentorne skrik i det same han fer
yver vegen,
«Men ølet for no nedre vegen, spaar eg, 3 meinte ein
gamall, gruv og grutteleg mann i ein av dei fyrste sledarne.
*Seg ikkje det,» segjer spclcmannen, ein ung bleiklita
kar i fyrste sleden. «Dei inorgedølerne er makelause, og
skeicbindaren er meister for deiin alle. Eg saag han ein
gong hoppa yver eit stabur paa Bondal . . . han la bord
og plankar npp-etter, moka snø yver, og so tok han renn
... ja me tenkte mannen var galen, og vilde halda han;
men du veit me tykte <let var moro au . . . Ja, so sette
han til daa . . . for yver som ein vott, og stod. Det var
ti mæle stenger.»
«Aa 110 lyg du daa visst!» skreik fleire av dei yngre.
«Vil do kje tru det, kann de daa visst lata vera,»
log han.
Sundre kjem til sleden der bruri sit.
«Sjaa du fær drikka,» segjer han og flir henne ølakaali.
«Nei, maken din (inst det daa ikkje,» segjer ho. «Var
du kje rædd?»
«Du veit eg var rædd for ølet,» segjer han lognt, og
smaa-iær. Han stend der rak og keik, mjuk og ledaleg.
Han er klædd i blaa stutt-troya, side buksor, hudsko og ei
raud spitluva paa hovudet. Han lær sjeldan bøgt, talar
lite, og drikk seg aldri drukken. Han torer ikkje det; for
daa kunde han koma tii aa fortala seg og fortelja kva
kunster han kann.
Reina: jordbakke. — Gruv: foroverbøid.—Grutteleg: grfctten.
— Morgedøl: en mand fm Morgedal i Telemarken. — Ei mælestong
skal efter gammel regning være 6 alen. — Fli: række, levere. — Keik:
litt bnkoverbøid. — Hudsko: sko uv loddent akind. — Spitluva eller
Bpytluva: toplue eller bnndingslue.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>