- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
259

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Natur og folkeliv. Digtning - 93. Paa sjølvstyr. Av Rasmus Løland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Der var ingen ting aa sjaa der heller; men det var heller
ikkje aa venta, hadde han dotte nt-i.

Dei stod til slutt forfærde og berre sang paa kvarandre;
faren for upp-yver att og vilde endaa ein gong npp i skogen.
Daa høyrde hau rop og skrik fraa folki nedmed elvi. Han
sprang ned att, og saag det fyrr nokon fekk segja noko:
det kom rekande eit tre midt ut-i elvi, og millom greinerne
paa dette hekk eit menneskje — ein liten gut med brun
hatt; han skreik og kava med arniarne og saag mot land.
Alle skvna med ein gong kven det var; dei kjende hatten.

Mori datt i uvit, dei andro sprang forvildra att og
fram. Hadde det vore ei gaata korleis guten var komen
burt, so gjekk dette endaa meir yver alle sitt vit.

Men her var kje ein augneblink aa spilla. Det høvde
seg so heppe at der laag ein fiskepraatn uppdregen straks
ovanfor; mannfolki sprang upp-yver og var att-ende med
han paa mindre enn ein minutt. Men berre denne vesle
heftingi var for lang. Straumen gjekk so fort at treet alt
var kome eit heilt stykke ned-um der dei stod, og fekk dei
kje berga guten no straks, so var all von ute. Fossen
det var ikkje so langt ned til den, og den som kom i den,
han kom ikkje livande att. Dei høyrde dunet alt hit no i
flaumen; govet stod som el kvit skodda upp-yver, og eit
heilt stykke upp-etter fraa fossen var det stygge
straum-brot og kvite skavlar midt i elvi. Og no hadde treet ikkje
so langt stykke att ned til det fyrste brotet.

Men no var dei ferdige med praamen og; tvo-tri av
dei sterkaste mennerne sprang ut-i og skauv han som ei pil
ut-yver og ned-etter midten av elvi. Folki paa land fylgde
etter langs elvetrømen og heldt i eit tog som var fest i
bak-skuten. Praamen mima snart inn-paa treet, dei saag
guten retta armarne upp-yver og høyrde han ropa att,
han hadde fenge auga paa hjelpi. Folki paa land anda
snaudt, kvendi ropte og bad høgt til Gud at det maatte gaa
godt. Hesterøktaren var styrar i praamen; dei saag han
gaa fram i stemnet og staa ferdig til aa ta guten. Men daa

Dun: dunder, dur. — Brot (i elv): et litet fald, stryk. —- Trøiu.
rand, kant. — Skut: stevn-rum. — Muna inn paa: nærme sig, indhente.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0259.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free