Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Natur og folkeliv. Digtning - 93. Paa sjølvstyr. Av Rasmus Løland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mori sjølv hadde ikkje orka aa fylgja ned-yver, so ho slap
aa sjaa det. Og so siglde treet fram-yver paa stupet.
Faren hadde stansa frampaa ein bergknaus, eit stykke
nede, og snudde seg burt; han kunde kje sjaa paa det. Han
hadde store sveitedropar paa skallen. «Er han burte?»
spurde hau med broste maal, daa nokre av mannfolki
ein augnegrand etter kom ned til han, Dei svara med
undrande ut-rop. Endaa var han ikkje burte! Midt i elvi
tett fram paa fossen hadde drivtreet ined eitt stansa, og tok
til aa gaa i ring. Det saag ut som eit reint under og
syn-kverviug; men daa dei fekk tenkja seg betre um, var
det kje so underlegt likevel. Der var eit par store
berg-knausar midt i elvi, som kløyvde fossen i tvo. Dei stod til
vanlege tider høgt yver vatnet, og det meste av elvi rann
ned paa denne sida av deim; men no, daa ho var so stor.
rann det mest like my kje paa kvaar sida, og vatnet skylde
heilt yver deiin. Dei stakk likevel so langt upp-i at det
vart ei evja bak-um deim, og det var inn i den treet no
var kome. Der var greiner og rek-ved fyrr og, som heldt
paa aa gaa i ring. Og hefte det der eit bil, so kunde det
kanskje endaa vera von!
Faren fekk svint all sin umtanke att. Han sende folle
upp-yver etter praam og tog og andre hjelpegreidor, og
sprang med resten ned paa berghamaren midt for fossen.
Men daa dei stod der, var det straks altfor berrsynt at
voni var kje stort betre enn inkje no heller. Aa koma
ut til guten med baat var det kje tanke um, og um dei
fekk tog ut til han — fossen var ikkje breidare enn at
det lét seg nok gjera — so kunde han ikkje knyta det fast
i treet eller festa det um seg sjølv. Han laag endaa som
naamen nede millom greinerne, og høyrde ingen ting daa
dei ropte ut til han. Og um han so kunde festa eit tog,
so vilde fossen berre suga han til seg og riva han til
av-grunns i same augneblinken som han kom ut or evja.
No daa dei var nærare, saag dei ogsaa at evja var berre
som eit einaste haar aa lianga i. Naar greinerne som dreiv
Synkverving: blendverk. — Evja: bakevje, ringstrom. —
Kek-ved: driv-ved. — Naamen: Btiv, lam.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>