- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettiofjärde årgången. 1925 /
656

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Olaf Dalgard

han staar og stirer paa den kvasse
bakenden aat Tedor Sprova, kan han ikkje
styre seg, han gjev honom eit spark so
han tumlar utfor tömmerlunnen. Dette
sparket opnar augo aat arbeidarane, dei byrjar
sjaa skilnaden millom seg og han, millom
herren og trælane. Dei stökk, reddest for
livet, og forstöknaden nörer hat og
tvnings-traa, som er ferdig til aa slaa ut i loge
ved fyrste höve stigeren veiknar og gjev
etter aldri so lite i jarnklotaket sitt.

Og hovet let ikkje vente lenge paa
seg. Det kjem i kvinna, Petenilla. Ho er
inga Innbranna eller Daaraat. Ho er
röyn-dom, kjöt og blod og sansar, ein sevjetung
knopp som skjelv i giren og instinktet sin
rytme, nett som stigeren sjölv. Det er ei
sjölvbyrg makt ved ali hennar framferd,
som maktstel stigeren, sprengjer hornskalet
hans, og et seg inn i det mjuke og
barns-lege hugdrag i han, det som seinare viser seg
aa vera det djupaste og sterkaste grunnto
i hans natur. Mot henne er alle hans vaapen
slöe og maktlause. Han kan tvinge ho i
kne med brutal makt, men ho reiser seg
alltid som sigerherre, som den som er född
med retten til aa raade over han. Som
stigeren misser sin husbondsrett i heimen,
misser han makta ved gruva. Arbeidet gaar
ikkje i same tempo som för, det knirkar
her og der, byrjar gaa paa raam og slump.
Stigeren kjenner paa seg at mergen held
paa aa folne i han, han er saara i
livflek-ken, i eros. Inkje kan hindre at svensken
Kalle Kallblom, den seige, tunge og
vyrd-lause trott, sigrar over stigerrytmen.
Tevlinga millom desse tvo er der skildra med
ei intens makt. Det vert ein kamp for livet
for baae tvo, ein kamp som glör staalet i
overmaal. Stigeren kjenner at villskapen,
dyret held paa aa ta makta og drepa det
inste og siste lag, mannfolket i seg. Pass
paa det! seier ei röyst til han: Og han
gjev seg og tek mot degraderinga med ro.
Han möter hædingane aat fiendane sine
med ein spotsk flir. Han er ferdig med
alt slikt no.

Men ein dag bryt alle saar upp i han.
Det er ved tidenda um at venen hans,
ingeniören Dalbu, er drepen av arbeidarane,
avdi han med makt har vilja hindre dei

i aa organisere seg. Han kjenner seg atter
modig og sterk, sterk nok til aa trasse alt
og alle. Han ser i ein glytt fortid og
framtid, liv og daude, og han ser lova som
alt liv og ali utvikling lyder, og fortel
ho til den niaarsgamle sonen sin, Törber:

— alt liv er gniding, men i gnidinga veks
fram nye kjensletraadar, som er löna for
pina og strevet. Naar ein har faatt nok av
nye traadar er ein mogen, gamal nok, daa
kjenner ein samspelet millom seg og slekta,
det som var og det som er, og held paa
og vert.

Ein dag högg han namnet sitt inn i
bergveggen med grove, ujamne bokstavar,
prentar sitt sjeleskap inn i dei. Det kjemst
for han, at dette er det einaste som vil
leva att gjenom tidene, og minne um kven
han var. — So fylgjer den siste strid,
tvikampen millom han og arbeidarflokken.
Det spökjer for kven som skal gaa av med
sigeren. Daa ser han Törber staa på ein
stein og eggje fiendane hans til aa gaa paa
att. Han tek det som ei forbanning, og
det isar han gjenom merg og bein, so han
ein augeblink sig i kne. Men braatt er
han uppe att, sprengjer flokken, og legg
til fjells i uveret. ■— »Han er sprengd»,
skrattar det vilt og gaulande fraa flokken.

— »Det er berre djevelskap altsaman»,
hujar Törber etter han.

Slik endar soga um stigeren, den
sterkaste, og samstundes den veikaste av alle
rallarane. Det er ei vill og sterk bok. Vill
i sitt fortærande jag etter klaarleik over
mannens maal og grenser i livet. Sterk i
sin sermerkte og suverene komposisjon.

Det same kan i stor mun gjelde den
næste roman, »Kongen», boka um sonen
Törbers barndom og fyrste ungdom. Daa
faren er burte, og han skynar at mora har
skuld i det, vaknar hatet til henne i han,
og han raar seg til aa röme sin veg. Han
stel seg umbord i ruteskipet, og treffer
der storrallaren, Haldor Rossvold, fraa
Verdalen. Han ber tilnamnet »kongen», avdi
han seier seg aa ætte fraa ein gamal
konge. Daa han höyrer at Törber er son
til stigeren ved Lifjellgruva, tek han honom
straks til sin fosterson. Um deira ferder og
upplevingar landet rundt, handlar boka.

Stökka — bli förskräckt. Forstöknad — förskräckelse. Tynitigstraa — lust att ödelägga. Höve —
tillfälle, yernklotak—järngrepp. Nett — just. Grunnto — grundemne. Raam — tillfällighet. Trott —
uthållighet. Hæding— åtlöje. Flir — flin. Glytt ■— glimt. Det spökjer for — det ser ovisst ut.
Ruteskipet — ångbåten. Ætte — härstamma.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:59:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1925/0714.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free