- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
105

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Skuleboksamlingar. Fyredrag ved bibliotekkurset på Solborg 1934, av bibliotekar Jakob Alvsåker, Torvestad - En norsk biblioteklov. Regjeringen fremsetter proposisjon

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

å senda det vidare. Samstyret reviderar og rekneskapen for
kvar boksamling.

Samstyret hev på seg å føra tilsyn med boksamlingane, og å
senda dei skjema dei fær frå Bibliotekkontoret til dei einskilde
boksamlingar, og arbeida for å få skipa nye boksamlingar, og
hjelpa til å samla stadleg tilskot. Eit interessera samstyre kann
gjera mykje for å få skuleboksamlingane i heradet i godt gjenge.

Det finst gjerne dei som ikkje er so ihuga for
skuleboksamlingar. Dei skal hugsa på — som det er sagt — at det er like
meiningslaust å streva i 7 år med å læra borni lesekunsten —
ogso ikkje lata dei få bøker å lesa i, som det er å læra born
upp til å bruka skei og gaffel — og ikkje lata del få mat.

En norsk biblioteklov.
Regjeringen fremsetter proposisjon.



I odelstingsproposisjon nr. 8 for iår har regjeringen fremsatt
utkast til lov om folke- og skoleboksamlinger. Utkastet har
følgende tekst:

1ste kapitlet. Folkeboksamlingar.

§ 1.

Til folkeboksamlingar som hev til fyremål å arbeida for auka
folkeupplysning med å låna ut bøker, gjev staten tilskot etter dei reglane som denne
lovi fastset.

§ 2.

For at ei folkeboksamling skal ha rett til statstilskot etter denne lovi,
må ho fylla desse vilkåri:

a. Ein by- eller heradskommune må vera eigaren.

b. Boksamlingi må ha eit stadleg tilskot på minst kr. 50 året, minder
vedkomande departement for kvar einskild gong gjev upp dette kravet.

c. Alle innbyggjarar i kommunen skal kunna låna bøker fritt.

d. Boksamlingi må ha ein bibliotekar.

e. Vedtektene og lokalet åt boksamlingi lyt vera godkjende av
departementet.

f. Boksamlingi må fylgja dei fyresegner departementet gjev um tilsyn,
vedlikehald, løn til bibliotekaren og rekneskapsføring. Departementet kann
fastsetja fleire vilkår.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free