- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
32

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gustav Indrebø
32
Gjenom brevskifte freista Christie få kjennskap til rune
monument utanfor Bjørgvin bispedøme og, og anten få rit av
innskriftene,1 eller få sjølve monumenti inn til Museet. I 1827
—28 korrespondera han soleis med eit par embættsmenn i Vester
ålen um ein »nedfalden Boutasten, hvorpaa der skal findes Rune
skrivt« på garden Gimsøysand i Gimsøy; bad um å få rit av run
skrifti, og rettleidde korleis ritet skulde takast. Steinen er mykje
seinare — i 1860-åri — komen til Bergens Museum.2 Men då
visste dei ikkje um at Christie hadde spurt upp steinen 40 år
fyrr, er det likt til. I 1828 brevskiftest han med lærar H. Crøyer
på den lærde skulen i Stavanger um ein runstein i ei bru på Sandnes
(Madla) på Jæren (Bg. M. kopibok I, nr. 57. 61). I 1836 fekk
han ein stein frå Tuv på Jæren inn til Museet med presten A. Lange
i Stavanger til millommann (Bg. M. kopibok I, nr. 241. 247. 249).3
I 1846 fekk han spurlag gjenom tollinspektør Schive på ein run
stein som var funnen på kyrkjegarden i Klepp. Og med hjelp
frå Schive fekk han Klepp formannskap til å yverlata steinen
til Museet, — mot eit oljemålarstykke som synte fram kong
David og Abigail (Bg. M. kopibok 111, nr. 576. 577. 642)4. Osb.
Christie fekk prestar til å senda inn kopiar både av kyrkje-inn
skrifter og andre innskrifter, og brevskiftet hans med embætts
menn — både utanfor og i bispedømet — um run-innskrifter
var ikkje so lite. Ein kann ikkje sjå at Nicolaysen hev teke
umsyn til det i Norske Fornlevninger.
Det hende at Christie og dei brennhuga medarbeidarane
hans hadde småe vonbrot med runfunni sine. I 1831 hadde
Christie høyrt um ein runstein på Odda kyrkjegard, truleg hjå
venen presten Hertzberg. Frenden til Christie, sorenskrivar
kontorist A. Koren, »eftersporede og fandt« steinen, og Christie
venta seg noko av funnet. Koren sende ei »vakker Tegning«.
1 Slike rit finst i Bg. M. 187 a, 8. 92. 262 f, 1. 10. 385, 10.
2 N. Nicolaysen, Norske Fornlevninger s. 689 f. Årsberetning frc
Foreningen til Norske Fortidsminders Bevaring 1867, s. 115.
3 Steinen var innmura i ei gruve. Han var i stykke fyrr han kom
irå Tuv, vart ikkje sundslegen på vegen som Nicolaysen segjer i Norske
Fornlevninger s. 300. Han hev vel gjenge sund då dei skulde taka honom
ut or eldstaden.
4 Steinen kom inn til Museet i 1847, ikkje i 1849 som Nicolaysen
•skriv i Norske Fornlevninger s. 788.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free