- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
78

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 78 —

Akim. Eg seier deg, at det er ikkje tull.
Tingen er, du stend berre ved ditt, som no her
med gjenta. Du tenkjer berre paa aa faa det som
du vil ha det; men Vaarherre gjer det paa sin
maate. Og so gjeng det nok her med.

Matrøna. Det skal no hjelpa mykje aa tala
med deg.

Akim. Gjenta er snop med sitt arbeid, og
tingen er, ho passar sin dont, som ein seier. For
oss fatigfolk er det ei god hjelp, som dei seier,
og bryllaupet vert ikkje dyrt. Det vigtigaste er,
at gjenta hev lide urett. Ho er foreldrelaus, gjenta,
det er tingen. Og ho hev lide urett.

Matrøna. Ventande det!

Anisja. Høyr no helder paa oss kvinfolk,
Akim; so fær du betre hold i tingen.

Akim. Men Vaarherre daa, Vaarherre! Er
ho kanskje ikkje eit menneskje ho med, gjenta?
So er ho daa vei eit menneskje for Vaarherre og.
Kva meiner du um den ting.

Matrøna. So! no tek han til med den gamle
leksa att.

Peter. Høyr no kva eg vil seia deg, Akim.
Ein kan no ikkje tru alt som desse tøy torne seier
helder. Guten er daa ilive, veit eg. Han stend
her utanfor. Lat oss faa han inn og fritta han
ut, um det er sant det som vert sagt um han.
Han vil ikkje gaa imot sitt samvit. Lat oss berre
faa han her inn. (Anisja reiser seg). Seg Nikita,
at far hans vil tala med han (Anisja gjeng-).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free